The Beau Brummels, Volume 2 er det andre studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Beau Brummels. Det kom ut i august 1965 og inneheld den amerikanske hitten «You Tell Me Why» og oppfølgjaren «Don't Talk to Strangers.»
Albumet vart produsert av Sylvester Stewart, seinare kjend som Sly Stone, men han var ikkje meir involvert enn at songaren i bandet, Sal Valentino og gitaristen Ron Elliott, ikkje hugsa at det var noko produsent som leia innspelingane.
Volume 2 gjekk ikkje inn på Billboard 200-lista, i motsetnad til debutplata Introducing the Beau Brummels. Dette meiner ein kom av at selskapet deira, Autumn Records, var på randen av kollaps då albumet kom ut, og det var derfor mangelfull distribusjon og marknadsføring av albumet.
Innhald
Medverkande Sal Valentino - vokal Ron Elliott - sologitar Ron Meagher - gitar Declan Mulligan - bass John Petersen - trommer (solovokal på «Sometimes At Night»)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Beau Brummels, Volume 2» frå , den 21. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [ The Beau Brummels, Volume 2] på Allmusic
Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:The Beau Brummels-album Kategori:Album produserte av Sly Stone Kategori:Autumn Records-album