Where I Come From er det fjortande studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage. Det vart spelt inn i 2008 og kom ut på Woodstock Records den 2. juni 2009.

Etter Wanted: Live at Turkey Trot, var Where I Come From det andre albumet New Riders spelte inn etter dei kom saman att i 2005, med det opphavlege medlemmet David Nelson på gitar, det langvarige medlemmet Buddy Cage på pedalsteelgitar, Hot Tuna-medlemmane Michael Falzarano på gitar, Ronnie Penque på bass og Johnny Markowski på trommer. Det var det første studioalbumet deira på 17 år, etter Midnight Moonlight i 1992.

Musikken på sju av songane var skriven av David Nelson, med tekstar av Robert Hunter, som skreiv mange av tekstane til Grateful Dead. Fire av dei andre fem songane var òg skrivne av medlemmar i bandet. I 2010 kom ein versjon av songen «Olivia Rose», skriven av Ronnie Penque, ut på albumet Only Road Home.

Plateomslaget til Where I Come From vart illustrert av Stanley Mouse, ein kunstnar kjend for mange konsertplakatar og plateomslag.

Somme eksemplar av albumet kom med ei bonusplate kalla Where I Come From: Radio Mixes & Live Bonus.

Innhald

Where I Come From

Where I Come From: Radio Mixes & Live Bonus

Medverkande

New Riders of the Purple Sage David Nelson – gitar, vokal Buddy Cage – pedalsteelgitar Michael Falzarano – gitar, vokal Ronnie Penque – bass, vokal Johnny Markowski – trommer, vokal

Andre medverkande Mookie Siegel – klaverinstrument på spor 4, 5, 8, 11 og 12 Christian Cassan – perkusjon på spor 2, 4, 5, 7 og 9

Produksjon Michael Falzarano – produsent Stanley Mouse – illustrasjonar Kevin Morgan – design Christian Cassan og Michael Falzarano – miksing Ed Littman – mastering Captain Toast – turnémanager ScareKrow and LT – mannskap

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Where I Come From (New Riders of the Purple Sage album)» frå , den 20. oktober 2020.

Kategori:New Riders of the Purple Sage-album Kategori:Musikkalbum frå 2009