Brujo er det femte studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage, gjeve ut i 1974 på Columbia Records. Med eit konsertalbum i tillegg, var dette det sjette albumet deira på tre år.

Brujo var det første New Riders-albumet med Skip Battin. Battin hadde erstatta Dave Torbert som bassist i bandet, etter at Torbert slutta for å bli med i Kingfish.

Den einaste singelen frå albumet var «You Angel You»/«Parson Brown».

Allmusic meinte albumet leid av at det var det sjette albumet deira på tre år, og at Dawson ikkje hadde like mange gode songar å kome med som på dei føregåande albuma, og at Skip Battin måtte ta seg av meir av låtskrivinga. Countrypopstilen til Battin gjorde det til eit litt anna New Riders-album. I tillegg spelte dei eit par coversongar med Don Gibson sin «Ashes of Love» frå 1968 og Bob Dylan sin «You Angel You» frå 1974.

Innhald

Medverkande New Riders of the Purple Sage John Dawson - gitar, vokal David Nelson - gitar, mandolin, vokal Spencer Dryden - trommer, vokal Skip Battin - bass, vokal Buddy Cage - steelgitar

Gjestemusikar Neil Larson - klaverinstrument Mark Naftalin - klaverinstrument Ed Freeman - mellotron Dan Patiris - engelsk horn Armando Peraza - bongo

Produksjon Produsent: Ed Freeman Lydteknikar: Bob Edwards/Kurt Kinzel Fotografi: Urve Kuusik Kunst: Gage Taylor

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brujo» frå , den 18. oktober 2020.

Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Columbia Records-album Kategori:New Riders of the Purple Sage-album