Jon Cleary ()«Jon Cleary and the Absolute Monster Gentlemen», BMA. er ein britiskfødd, amerikansk funk- og R&B-musikar basert i New Orleans, der han har studert den «musikalske kulturen og livet i New Orleans» i følgje nettsida hans.joncleary.com. Cleary er ein dugande pianist, men speler òg mange andre instrument og er vokalist og låtskrivar.

Cleary har spelt med ei rekkje musikarar, som Bonnie Raitt, Taj Mahal, B.B. King, Ryan Adams og Eric Burdon. Songane til Cleary er blitt spelte inn av mellom andre Taj Mahal, Bonnie Raitt og John Scofield.

Det noverande bandet til Cleary er Jon Cleary & The Absolute Monster Gentlemen, som har gjeve ut to album.

Diskografi Album Alligator Lips & Dirty Rice (Ace, 1994) Moonburn (Virgin/Poinblank, 1999) Jon Cleary & the Absolute Monster Gentlemen (Basin Street, 2002) Pin Your Spin (Basin Street, 2004) Do Not Disturb (EP) (FHQ, 2007) Mo Hippa (FHQ, 2008) Occapella (FHQ, 2012) Go Go Juice (FHQ, 2015) Dyna-Mite (FHQ, 2018)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jon Cleary» frå , den 4. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:USA-amerikanske funkmusikarar Kategori:USA-amerikanske rhythm and blues-musikarar Kategori:Rhythm and blues-pianistar Kategori:Musikarar frå New Orleans Kategori:Folk frå Cranbrook i Kent