«I Can't Make You Love Me» er ein song skriven av Mike Reid og Allen Shamblin og spelt inn av den amerikanske songaren Bonnie Raitt for det 11. studioalbumet hennar, Luck of the Draw (1991). Songen kom ut som den tredje singelen frå albumet i 1991 og vart ein av dei mest suksessrike singlane hennar og nådde topp 20 på amerikanske Billboard Hot 100 og topp 10 på Adult Contemporary-lista.

I august 2000 plasserte magasinet Mojo «I Can't Make You Love Me» på åttande plassen på lista si over dei 100 beste songane gjennom tidene. Songen vart rangert på 339. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene's list of The 500 Greatest Songs of All Time. 27. november 2016 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame.

Salslister Vekeslister Liste (1991–92) PlasseringCanada RPM Adult ContemporaryRPM Adult Contemporary, 14. desember 19914Canada RPM Top Singles40UK Singles Chart50

Årslister Liste (1992)Plassering US Billboard Årsliste 100

George Michael-versjonen

Den engelske songaren George Michael spelte «I Can't Make You Love Me» og gav han ut som B-side til singelen «Older», som kom ut 20. januar 1997 som den fjerde singelen frå albumet albumet med same namn. «Older» og «I Can't Make You Love Me» nådde begge tredjeplassen på UK Singles Chart.

Salslister Liste (1997)Peak position UK Singles Chart 3*

Boyz II Men-versjonen

Den amerikanske R&B-gruppa Boyz II Men spelte inn «I Can't Make You Love Me» for det tredje coveralbumet deira, Love (2009). Versjonen deira kom ut på singel 27. oktober 2009.

Salslister Liste (2009)Plassering US Hot R&B/Hip-Hop Songs 75

Adele-versjonen

I 2011 spelte den engelske musikaren Adele «I Can't Make You Love Me» for det første konsertalbumet hennar, Live at the Royal Albert Hall (2011). Songen gjekk inn på den britiske singellista og nådde topp 40 der, sjølv om han aldri vart gjeven ut på singel.

Liste (2012)Plassering Irish Singles Chart 78 Scottish Singles Chart 34 UK Singles Chart 37

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Can't Make You Love Me» frå , den 3. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Balladar frå 1990-åra Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Singlar frå 2014 Kategori:Bonnie Raitt-songar Kategori:George Michael-songar Kategori:Adele-songar Kategori:Mike Reid-songar Kategori:Nancy Wilson-songar Kategori:Priyanka Chopra-songar Kategori:Popballadar Kategori:Songar produserte av Don Was Kategori:Songar skrivne av Mike Reid Kategori:Songar skrivne av Allen Shamblin Kategori:Sentimentale kjærleikssongar Kategori:Capitol Records-singlar 339