Bonnie Raitt er det sjølvoppkalla debutalbumet til den amerikanske musikaren Bonnie Raitt, gjeve ut i 1971.
Bakgrunn Albumet vart spelt inn i ein tom sommarleir på Enchanted Island, kring 50 km vest for Minneapolis på Lake Minnetonka. Raitt skreiv i plateomslaget: «Me spelte inn fire spor på direkten fordi me ønskte ei meir spontan og naturleg kjensle i musikken, ei kjensle som ofte vert ofra når musikarane veit dei kan legge på nye opptak på eit separat lydspor fram til det er perfekt».
Mottaking Sjølv om albumet selde dårleg, vart Bonnie Raitt varmt motteke av kritikarane. Rolling Stone skreiv «Ei uvanleg songsamling framført av eit uvanleg assortement av musikarar. «Raitt er historisk sett ein visesongar, men ikkje etter estetikk», skreiv Robert Christgau i spalta si Consumer Guide. «Ho inkluderer songar frå Steve Stills, The Marvelettes, og ein klassisk feministisk bluessongar kalla Sippie Wallace, fordi ho veit at verda ikkje endar med akustiske songdikt og Fred McDowell. Eit vaksent repertoar som vaggar langsamt, og ho er berre 21 år gammal.»
Innhald
Medverkande Bonnie Raitt – solovokal, korvokal (1, 8), akustisk gitar, slidegitar, akustisk piano (3), elektrisk slidegitar (8) Willie Murphy – akustisk piano (1, 4, 6, 8, 9), gitar (3), korvokal (5, 10), perkusjon (10), John Beach – akustisk piano (2, 11), arrangement (2) Peter Bell – elektrisk gitar (1), korvokal (1, 8, 10), akustisk gitar (6), perkusjon (7, 10) Russell Hagen – elektrisk gitar (4, 8, 9) Freebo – bandlaus bass (1-5, 8-11), tuba (6) Stephen Bradley – trommer (1-6, 8, 9, 11) Eugene Hoffman – kubjølle (1), tenorsaksofon (4, 8, 9) Steve Raitt – perkusjon (10), korvokal (10) Junior Wells – munnspel (2, 4, 6, 7) A.C. Reed – tenorsaksofon (1, 4, 8, 9) Maurice Jacox – barytonsaksofon (3, 4, 8, 9, 10), fløyte (3) Voyle Harris – trompet (3, 4, 8, 9) Douglas «Toad» Spurgeon – trombone (6) Reeve Little – korvokal (1) Paul Pena – bassvokal (1) Chris Rhodes – korvokal (8)
Produksjon Produsent – Willie Murphy Lydteknikarar – Dave Ray og Sylvia Ray Innspelt i Sweet Jane, Ltd. (Cushing i Minnesota). Remiksing – Kendall Pacios Serieprodusent – Gregg Geller Prosjektkoordinator – Jo Motta Ommastering – Patrick Krauss Notis i plateomslaget – Bonnie Raitt
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bonnie Raitt (album)» frå , den 27. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Bonnie Raitt-album Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Willie Murphy