Rabagast er eit norsk omgrep for ein villstyring som kan vera frekk, freidig, fandenivoldsk og ubekymra.
Ordet stammar opphavleg frå det franske skodespelet Rabagas av Victorien Sardou frå 1872. Denne komedien tek for seg advokaten Rabagas som opphavleg er svært radikal, men endrar seg til å bli djupt konservativ etter at han får makt. På norsk er ordet blitt omdanna frå «rabagas» til «rabagast», truleg i samspel med ordet gast.
Kjelder
Kategori:Norske ord og uttrykk