Laurentiuskyrkja (eller Lavranskyrkja) var ei kyrkje i Oslo i mellomalderen. Ein trur at kyrkja låg omkring adressene St. Halvards gate 26 og 33, ikkje langt frå der St. Halvardshjemmet (drive av Kirkens Bymisjon) er i dag. Kyrkja var oppkalla etter og vigd til den heilage Laurentius frå Roma.

Det er ikkje funne konkrete restar etter kyrkja, men skjelettfunn kombinert med omtale knyttar kyrkja til den nemnde staden. Kyrkja er omtala i 1240 og eit hospital i samband med kyrkja er omtala på siste halvdelen av 1200-tallet. Hospitalet var moglegvis for spedalske, for det skal vere spor som kan tyde på det, på skjeletta som er funne. Verksemda skal etter reformasjonen ha blitt flytta til det som no vert kalla Oslo Hospital, der det tidlegare var fransiskanarkloster.

Kjelder

Fotnotar «Olav frå Vigtil hadde flydd frå Vestre stretet. Da såg han seg ingen anna råd enn å søkje seg inn i Lavranskyrkja med mennene sine, men enda fall det nokre utafor kyrkjegarden» (Soga om Håkon Håkonsson, kap. 235) Oslo byleksikon

Bakgrunnsstoff

Lokalhistoriewiki om Laurentiuskyrkja Lokalhistoriewiki om Laurentiushospitalet

Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo