Genesis er ei engelsk rockegruppe som vart danna i 1967. Bandet består i dag av dei tre lengstvarande medlemmane - Tony Banks (klaverinstrument) og Mike Rutherford (bass, gitar), som var med på å starte bandet, og Phil Collins (vokal, trommer), som kom med i bandet i 1970. Dei tidlegare medlemmane Peter Gabriel (vokal, fløyte), Steve Hackett (gitar) og Anthony Phillips (gitar), har òg spelt store roller i bandet i dei første åra av bandet. Genesis er av dei 30 mestseljande banda i verda og har seld kring 150 millionar album verda over.
Seint i 1960-åra gav bandet ut debutalbumet sitt og både tilhengjarane og bandet sjølv rekna det som eit popeksperiment., Extract of page 44 Så, i løpet av eitt år, utvikla dei seg til eit progressivt rockeband, mellom anna med det andre albumet deira i 1970. Bandet byrja då å spele komplekse songstrukturar og nytte utførleg instrumentering. Konsertane deira vart teatralske eksperiment med nyskapande scenedesign, pyroteknikk, ekstravagante kostyme og historier på scenen. Denne andre fasen var prega av lange songar, som den 23 minuttar lange «Supper's Ready» og konseptalbumet The Lamb Lies Down on Broadway i 1974. Seinare i 1970-åra og tidleg i 1980-åra endra bandet igjen musikalsk retning og vart eit meir kommersielt popband. Dette gav dei den første hitten i USA med «Follow You Follow Me», det første albumet deira på toppen av den britiske albumlista, Duke, og den einaste singelen deira på førsteplassen i USA, «Invisible Touch».
Genesis har gått gjennom fleire endringar i besetninga. Sceneskrekk fekk den første gitaristen i bandet, Anthony Phillips, til å forlate bandet i 1970. I 1975 tok den Collins over for Peter Gabriel som songar i bandet etter at dei lenge hadde leita etter ein erstatning. For å hjelpe Collins på konsertane spelte Bill Bruford og Chester Thompson trommer for bandet, der Collins vart med på trommer under lengre instrumentale parti. I 1977 forlét gitarist Steve Hackett bandet. Etter at Phil Collins forlét bandet i 1996 tok Genesis inn Ray Wilson (tidlegare i Stiltskin). Wilson var med på albumet Calling All Stations i 1997, før bandet annonserte ein lengre pause. I 2007 vart Banks, Collins og Rutherford samla att for ein turné i Europa og Nord-Amerika, mellom anna ein gratiskonsert i Roma føre 500 000 fans. Genesis var eit av fem band som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010. Framtida til bandet er usikker då Collins har trekt seg frå musikkindustrien og dei andre medlemmane driv med soloarbeid.
Historie 1967–1970: Byrjinga Genesis vart starta i 1967 då Peter Gabriel og Tony Banks var studentar i Charterhouse School i Godalming. Bandet oppstod ut frå skulebanda Garden Wall og The Anon, og den originale besetninga til Genesis bestod av Peter Gabriel (vokal), Anthony Phillips (gitar), Tony Banks (klaverinstrument), Mike Rutherford (bass & gitar) og Chris Stewart (trommer).Welch, Chris (1995). The Complete Guide to the Music of Genesis. London: Omnibus Press. Gruppa (utanom Stewart) vart opphavleg danna som eit låtskrivarpartnarskap utan at dei hadde planar om å spele i lag, men då fleire og fleire band skreiv sine eigne songar, vart det ikkje behov for eit ungt lag med uerfarne låtskrivarar.
Charterhouse School-elev Jonathan King var på ein konsert ved Charterhouse i 1968 medan bandet framleis var på skulen. Etter konserten gav ein student King eit lydband med songar bandet hadde spelt inn, og King syns det var bra nok til å gje dei ein platekontrakt. King var ein låtskrivar og plateprodusent som hadde hatt ein hit-singel med «Everyone's Gone to the Moon». King kalla bandet Genesis (etter først å ha foreslått namnet Gabriel's AngelsTracy, John. «And The Word Was ... GENESIS" genesis-path.net. Henta 19. september 2012.), og har sidan fortalt at han «syns det var eit bra namn...det foreslo ein ny start med ein ny stil og ei ny kjensle».
Det første albumet vart From Genesis to Revelation og vart gjeve ut på Decca Records i mars 1969. Under innspelingane vart Stewart erstatta av John Silver på trommer. Bandet spelte inn ei rekkje songar inspirert av den lette popstilen til Bee Gees, eit av favorittbanda til King. King sette saman songane som eit konseptalbum, og la til strykarar i produksjonen. Den første singelen deira, «The Silent Sun», kom ut i februar 1968. Albumet selde dårleg, men bandet fekk råd frå King om å halde fram musikkarrieren.King, Jonathan. «In the Beginning». From Genesis to Revelation (sleeve notes). 1993 release King har rettane til songane på From Genesis to Revelation og har gjeve det ut fleire gonger sidan under forskjellige namn, som In the Beginning, Where the Sour Turns to Sweet, Rock Roots: Genesis, ...And the Word Was og mest nyleg The Genesis of Genesis.
Silver vart erstatta av John Mayhew før innspelinga av Trespass. Genesis sikra seg så ein ny platekontrakt med Charisma Records.Cromelin, Richard. «Genesis: Short on Hair, Long on Gimmicks». Rolling Stone, 28. mars 1974. Bandet byrja å få mange tilhengjarar etter konsertane sine, der dei spelte hypnotiske, mørke og stemningsskapande melodiar, medan Gabriel nytta mange iaugefallande kostyme. Desse konsertane fanga interessa til Charisma-sjef Tony Stratton-Smith.
Trespass, som vart laga ut frå mange av songane bandet hadde skrive under dei tidlege konsertane sine, vart malen for albuma til bandet i 1970-åra - lange, stundom operaliknande stykke som minna om progressive rockeband som King Crimson, Yes og Gentle Giant, i lag med stundom kortare og meir tilgjengelege, og stundom humoristiske, nummer. Trespass hadde element av progressiv rock som utførlege arrangement og taktendringar, som i den ni minuttar lange songen «The Knife».
Dårleg helse og sceneskrekk fekk Phillips til å forlate bandet sommaren 1970.Ostrich, Michael «Genesis Frequently Asked Questions List Version 2.6". ProgScape Entertainment, 21. desember 1998. Henta 19. september 2012. Phillips spelte sidan inn mange soloalbum, stundom i samarbeid med andre Genesis-medlemmar. Det gjekk hardt inn på Banks og Rutherford at Phillips forlét bandet, og dei vurderte om det var vits i å halde fram.Young, John. «Genesis Look at Themselves" . Trouser Press Magazine, March 1982. Henta 19. september 2012. Dei valde likevel å fortsette og Mayhew vart erstatta av Phil Collins på trommer, medan Phillips vart erstatta av Steve Hackett, tidlegare i Quiet World, på gitar i januar 1971.
1971–1975: Den klassiske perioden mini|venstre|Peter Gabriel i kostymet «Britannia», under «Dancing with the Moonlit Knight» 1974
Collins og Hackett gjorde studiodebuten sin i 1971 på Nursery Cryme, som inneheldt songen «The Musical Box» og den første songen Collins song på, «For Absent Friends». Songen var òg den første skriven av dei nye medlemmane Collins og Hackett i bandet. To lydteknikar vart hyrt inn og slutta før John Burns tok over under innspelinga av det neste albumet deira, og starta eit tre album langt og suksessrikt samarbeid mellom Burns og gruppa.
Det neste albumet, Foxtrot, kom ut i oktober 1972 og inneheld det som vert skildra som «eit av dei mest fullendte verka til bandet»,Welch (1995), s. 21 den 23 minuttar lange, episke «Supper's Ready». Songar som den Arthur C. Clarke-inspirerte «Watcher of the Skies» stadfesta ryktet deira som låtskrivarar og musikarar. Den overdrivne og teatralske framsyninga til Gabriel på scenen med mange kompliserte kostyme og surrealistiske introduksjonar av songane, gjorde Genesis til eit populært konsertband.«Some New York Times Reviews '72-'74" . genesis-path.net. Henta 19. september 2012.
Eit konsertalbum, Genesis Live, vart spelt inn under Foxtrot-turneen i 1973, kort tid før det komande studioalbumet deira kom ut.
Selling England by the Pound vart gjeve ut i november 1973 og vart godt teke i mot av både kritikarar og tilhengjarar.Malamut, Bruce. «Selling England by the Pound" . Crawdaddy, mars 1974. Henta 19. september 2012. Gabriel insisterte på tittelen, som var ein referanse til eit slagord for Det britiske Arbeidarpartiet på den tida, i eit forsøk på å stoppe inntrykket at dei hadde vorte for USA-orientert.Bowler, Dray. «Genesis: A Biography». London: Sidwick & Jackson, 1992 Albumet inneheld «Firth of Fifth» og «I Know What I Like (In Your Wardrobe)». Desse songane vart faste på konsertane deira. Sistnemnde vart den første singelen deira som gjekk inn på singellistene med ein 17. plass i Storbritannia.
I denne perioden starta Hackett å nytte tappeteknikk på gitaren sin, som sidan vart popularisert av Eddie Van Halen, og «sweep-picking», som vart popularisert i 1980-åra av Yngwie Malmsteen. Desse gitarteknikkane vert nytta i songen «Dancing with the Moonlit Knight». Samstundes tilsette bandet Tony Smith som ny manager. Han publiserte alle Genesis-songane frå denne tida gjennom selskapet sitt Hit & Run Music Publishing.
I 1974 spelte Genesis inn det doble konseptalbumet The Lamb Lies Down on Broadway som kom ut 18. november. I kontrast til dei lange songane på tidlegare album, bestod The Lamb Lies Down on Broadway av kortare songar, knytte saman av mange følgjer. Soga skildrar den andelege reisa til Rael, ein puertoricansk ungdom som bur i New York City, og søken hans etter fridom og identitet.Welch, Chris. «Genesis: The Lamb Lies Down On Broadway». Melody Maker, 23. november. 1974. På reisa si møter Rael fleire bisarre karakterar som Slippermen og The Lamia, sistnemnde lånt frå gresk mytologi og inspirert av eit dikt av Keats.
Bandet la ut på ein verdsturné og framførte stykket 102 gonger i sin heilskap, der Gabriel fortalte delar av handlinga munnleg. Bandet angra sidan på dette sidan dei ikkje fekk høve til å spele songar frå tidlegare i karrieren og vart tvungne til å spele songar som ikkje fungerte så godt på scenen.Neer, Dan (1985). Mike on Mike [interview LP], Atlantic Recording Corporation. Under desse konsertane var Genesis av dei første som nytta laserlys og andre lyseffektar, som for det meste var bygd av den nederlandske teknikaren Theo Botschuijver. Ein spesialbygd handhalden laser gjorde at Gabriel kunne sveipe over publikum med forskjellige lyseffektar.
Under skapinga av det ambisiøse The Lamb Lies Down on Broadway vart forholdet mellom bandmedlemmane dårlegare, særleg mellom Banks og Gabriel, som var gode vener i utgangspunktet. Gabriel skreiv tekstane til albumet, medan dei andre bandmedlemmane (hovudsakleg Banks og Rutherford) skreiv musikken, utanom «Counting Out Time» og «The Carpet Crawlers». «The Light Dies Down on Broadway» vart skriven av Banks og Rutherford i lag. Dei utanomjordlege, boblande synth-lydane på «The Waiting Room», og andre vokaleffektar på «The Grand Parade of Lifeless Packaging» kalla «Enossifications», vart laga av Brian Eno.
Under Lamb Lies Down on Broadway-turneen, gav Gabriel beskjed til resten av bandet at han kom til å slutte,Mankowitz, Gered. «Help!». Mojo Magazine, april 2007. mellom anna fordi han hadde vorte fråskild resten av medlemmane, og hadde problem i ekteskapet sitt, mellom anna på grunn av ein vanskeleg fødsel av det første barnet hans. Han valde likevel å bli i bandet til turneen var over. I eit brev til fansen, levert gjennom musikkpressa mot slutten av turneen, kalla Out, Angels Out, forklarte Gabriel at «...reiskapen me bygde for å tene låtskrivinga vår vart meisteren vår og fanga oss inne i suksessen me ønskte. Det påverka haldninga og anda i heile bandet. Musikken har ikkje tørka inn og eg respekterer framleis dei andre musikarane»."Gabriel, Peter. «Out, Angels Out - an investigation" genesis-path.net, August 1975. Henta 19. september 2012. Collins sa seinare at bandet ikkje var sjokkerte fordi dei hadde visst om det ei stund. Bandet valde å halde fram utan Gabriel.Welch, Chris. «Peter Gabriel Quits Genesis». Melody Maker, 23. august 1975. Det første soloalbumet til Gabriel, Peter Gabriel i 1977 har singelen «Solsbury Hill», ein allegori som referer til at han slutta i bandet.
1976–1977: Firemannsperioden