John B. «Fritz» Richmond () var ein amerikansk musikar og lydteknikar. Richmond var kjend for å spele vaskebaljebass og krukke.

På desse uvanlege instrumenta spelte Richmond med artistar som Jackson Browne («Walking Slow»), Loudon Wainwright III, Maria Muldaur, Geoff Muldaur, Tom Rush, Ry Cooder, Norman Greenbaum og The Grateful Dead.

Richmond arbeidde òg som lydteknikar for mange artistar, hovudsakleg på Elektra Records for artistar som The Doors,, Warren Zevon, Bonnie Raitt og Jackson Browne.

Richmond var òg ein viktig person i moten til motkulturen i California i 1960-åra. Både Roger McGuinn og John Sebastian har gjeve Richmond æra for å ha introdusert «bestemorbrillene» tidleg i 1960-åra. Richmond skal òg ha kome opp med namnet for bandet The Lovin' Spoonful.

Richmond døydde i Portland i Oregon av lungekreft den 20. november 2005.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fritz Richmond» frå , den 20. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Newton i Massachusetts Kategori:Musikarar frå Oregon Kategori:Vaskebaljebassistar Kategori:USA-amerikanske lydteknikarar Kategori:Døde av lungekreft