«Do Re Mi» er ei folkevise av den amerikanske låtskrivaren Woody Guthrie. Songen omhandlar opplevingane til Dust Bowl-migrantar då dei kom til California.Karen Mueller Coombs Woody Guthrie: America's Folksinger 1575054647- - 2002 Side 45 Han er kjend for å ha to gitarpartar, begge spelte inn av Guthrie.
Songen kom ut i 1940 på albumet hans Dust Bowl Ballads. Songen tar form som ei åtvaring til komande migrantar om å halde seg der dei er. Bakgrunnen for åtvaringa var at det alt var så mange migrantar, og ikkje nok pengar eller arbeid tilgjengeleg til at den harde og dyre reisa kom til å bli verdt det.
«Do Re Mi» vart sidan spelt av Cisco Houston, Ry Cooder på det sjølvoppkalla debutalbumet hans i 1971, av Nanci Griffith i 1993 på albumet hennar Other Voices, Other Rooms (duett med Guy Clark), av Ani DiFranco på EP-en hennar Swing Set i 2000 og på hyllestalbumet til Woody Guthrie, 'Til We Outnumber Em, av Dave Alvin på albumet Interstate City, av Bob Dylan i dokumentarfilmen The People Speak i 2009, og av Dan Crary på albumet Flatpicking Guitar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Do Re Mi (Woody Guthrie song)» frå , den 20. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Guthrie
Kategori:Woody Guthrie-songar Kategori:Songar skrivne av Woody Guthrie Kategori:Ry Cooder-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Nanci Griffith-songar Kategori:Ani DiFranco-songar