Acoustic er det 17. studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut på 11. november 2016 av Caroline International. Albumet består av akustiske studioinnspelingar av songar dei tidlegare hadde gjevne ut og fekk middels kritikk.
Bakgrunn Opphavet for Acoustic kan sporast attende til eit opptak bandet spelte inn for BBC Radio Two-programmet Chris Evans Breakfast Show den 26. september 2014 i samband med markandsføringa av det førre albumet deira, Big Music. Bandet vart overraska over den særs positive reaksjonen på dei akustiske opptaka.
Den akustiske versjonen av «Promised You a Miracle», med den skotske songaren og låtskrivaren KT Tunstall, kom ut 28. september 2016.
Albumet debuterte på 16. plassen på UK Albums Chart, etter å ha selt 10 000 eksemplar den første veka. Dette vart det 14. albumet til Simple Minds som nådde topp 20.
Mottaking Albumet fekk blanda kritikk. Timothy Monger i AllMusic skreiv at bandet «mangla høvet til å dramatisk snu opp ned på repertoaret sitt». Andy Gill i The Independent meinte det var «ein velkomen vårreingjering» og noterte seg ein påverknad frå visemusikk. David Quantick skreiv for magasinet Classic Rock, og skildra albumet som «eit rart album, som prøver å homogenisere den stadig endrande stilen til Simple Minds» men konkluderte med at det var «ei konsistent samling», og meinte at versjonen deira av Richard Hawley-songen «Long Black Train» var «gripande effektiv».
Innhald
Salslister Liste (2016) Plassering Italienske album (FIMI) 31 Spanske album (PROMUSICAE) 72
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Acoustic (Simple Minds album)» frå , den 12. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2016 Kategori:Simple Minds-album