Neon Lights er eit studioalbum med coverversjonar av det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i oktober 2001.
Oversyn Neon Lights er ei samling coverversjonar sett saman som ei oppvarming for det som kom til å bli det neste albumet deira, Cry (2002). Jim Kerr sa om albumet då det kom ut: «Neon Lights er første gongen Simple Minds har sett saman ei samling av ikkje-originale songar. Men tenkte det passa seg å sjå attende på sjølve grunnlaget til Simple Minds, som sjølvsagt er musikken og banda som inspirerte oss.»
Bakgrunn Etter det førre albumet deira, Our Secrets Are the Same, vart lekt på Internett av ein DJ i Spania, og Simple Minds måtte gå frå EMI, trekte dei seg delvis attende. Frontmannen Jim Kerr flytta til Italia for å starte eit hotell. Her kom ei rekkje unge, italienske artistar til han for å spørje han om råd. Dette overtydde etter kvart bandet om å ta opp tråden att.
Dei signerte ein avgrensa kontrakt med Eagle Records. For å hjelpe bandet i gang att, valde dei å spele inn eit album med coverversjonar for å gje Simple Minds merksemd på ny, og Neon Lights vart resultatet.
Innhald
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Neon Lights (album)» frå , den 12. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2001 Kategori:Coveralbum Kategori:Simple Minds-album