Once Upon a Time er det sjuande studioalbumet til det skotske poprockbandet Simple Minds, gjeve ut i oktober 1985 på Virgin (A&M i USA).

Bakgrunn Produsenten på albumet var Jimmy Iovine, som hadde arbeidd med artistar som gjerne hadde ein aggressiv, gitarbasert stil, som Bruce Springsteen og Stevie Nicks, og han tok med seg denne tilnærminga til bandet. Iovine pressa særleg frontmannen Jim Kerr mot ein meir energisk vokal.

Sjølv om dei alt var suksessrike i heimlandet og forskjellige land i Europa og Oseania, var Simple Minds berre nyleg blitt populære i USA, hovudsakleg på grunn av songen «Don't You (Forget About Me)», skriven av Keith Forsey og Steve Schiff. Denne songen var på filmmusikkalbumet til The Breakfast Club og gjekk til topps på singellista i USA. Men bandet tok med vilje ikkje denne songen med på albumet fordi dei hadde vore motvillige til å spele han inn. Likevel vart den bombastiske poprock-stilen på denne songen tonegjevande for mykje av Once Upon a Time, særskild den arena-venlege singelen «Alive and Kicking». Once Upon a Time har òg somme likskapar med det førre studioalbumet deira, Sparkle in the Rain, som utforska ein liknande stil.

Mottaking

Albumet kom ut 21. oktober 1985 og toppa albumlista i Storbritannia og nådde tiandeplassen i USA, der det låg fem veker på rad.

Det vart gjeve ut fire singlar frå albumet: «Alive and Kicking» (Storbritannia nr. 7, USA nr. 3), «All the Things She Said» (Storbritannia nr. 9, USA nr. 28), «Sanctify Yourself» (Storbritannia nr. 10, USA nr. 14) og «Ghost Dancing» (Storbritannia nr. 13).

Kritikaren MacKenzie Wilson roste seinare albumet for AllMusic og skreiv at det gav lyttarane ein «rå energi og solide komposisjonar, som dei ikkje heilt klarte å oppnå på dei tidlegare albuma sine.» Han likte særskild singlane «Alive and Kicking» og «Sanctify Yourself.»

Once Upon a Time kom ut med to forskjellige omslag då det kom ut første gongen. Det alternativet omslaget nyttar baksida som framsida og motsett. Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2002 og 2003. Det kom òg ut på SACD i 2003. I 2005 gav Virgin ut albumet på nytt i ei DVD-Audio-utgåve. Alle songane vart då miksa i 5.1-kringlyd, og så miksa ned til 2.0-stereo for å vere kompatibel med musikkanlegg som ikkje hadde kringlyd. I dei fleste tilfelle er spora på denne nye miksen noko lengre enn på originalen. I 2012 kom ei ny utgjeving av albumet i ein plateboks med fem plater, kalla 5 Album Set. 4. desember 2015 vart fleire format av albumet gjeve ut i ei luksus- og superluksusutgåve i ein plateboks med fem CD-plater og ein DVD.

I 2013 vart «All the Things She Said» nytta på ein av radiostasjonane i videospelet Grand Theft Auto V.

Innhald

Merknad 'Luskusutgåva' av Once Upon a Time består av plate 1 og plate 2. 'Superluksusutgåva' inneheld alle dei seks platene.

Medverkande Simple Minds Jim Kerr – vokal Charlie Burchill – gitar Michael MacNeil – synthesizer og piano Mel Gaynor – trommer og korvokal John Giblin – bass Robin Clark – korvokal

Salslister Vekeslister ÅrListePlassering1985UK Albums Chart1US Billboard 20010Australia (Kent Music Report)7Den kanadiske albumlista3Den italienske albumlista2

Singlar ÅrSingelListePlassering1985«Alive and Kicking»UK Singles Chart7US Billboard Hot 1003US Billboard Mainstream Rock Tracks21986«Sanctify Yourself»UK Singles Chart10US Billboard Hot 10014US Mainstream Rock Tracks3«All the Things She Said»UK Singles Chart9US Billboard Hot 10028US Mainstream Rock Tracks9«Ghost Dancing»UK Singles Chart13

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Once Upon a Time (Simple Minds album)» frå , den 10. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:A&M Records-album Kategori:Album produserte av Bob Clearmountain Kategori:Album produserte av Jimmy Iovine Kategori:Simple Minds-album Kategori:Virgin Records-album