«Someone Somewhere In Summertime» er ein song av Simple Minds, gjeven ut som den tredje singelen frå albumet New Gold Dream (81–82–83–84) i november 1982. Han gjorde det langt dårlegare på UK Singles Chart enn dei to førre singlane deira, og nådde 36. plassen på lista. Det låg inne på lista i fem veker. Likevel har songen blitt ein konsertfavoritt og rekna som ein av dei mest populære songane på albumet.

Songen nådde 19. plassen på den irske singellista.

Mel Gaynor spelte trommer på songen, medan Kenny Hyslop og Mike Ogletree spelte trommer på resten av albumet. Det vart ikkje laga musikkvideo for denne songen, sidan bandet var i gang med førebuingane for ein komande turné i Storbritannia.

Salslister Liste (1982)PlasseringAustralia (Kent Music Report)51

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Someone Somewhere in Summertime» frå , den 9. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Simple Minds-songar Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Jim Kerr Kategori:Songar skrivne av Charlie Burchill Kategori:Songar skrivne av Derek Forbes Kategori:Songar skrivne av Mick MacNeil