thumb|Stavkyrkjeportal frå Øyfjell thumb|Planke med utskeringar frå korskillet i stavkyrkja Øyfjell stavkyrkje er ifølgje Lorentz Dietrichson nemnd berre to gongar i mellomalderen: 25. august 1401 og i 1453. Kyrkja er omtala av Jens Nilssøn, som visiterte ho i 1595 og fortel at det vart ble halde gudsteneste åtte gongar i året. Samme stad går det fram at kyrkja var anneks til Lårdal, noko som varte ved til 1859, då Øyfjell vart lagd til Rauland. I 1662 skal det ha vore behov for vøling. Ein synfaringsrapport frå 1668 skildrar ei stavkyrkje omgjeven av svalgangar, og det let til at kyrkja er i brukbar stand. Stavkyrkja vart riven i 1826, og ny kyrkje (dagens) vart innvigd i 1833.
Stavkyrkjeportal Ein portal frå stavkyrkja er bevart i Oldsaksamlinga. Dietrichson seier om portalutskjeringane at dei «tilhører Telemarkstypen, er brede, næsten raa, men kraftige og klare, dog vidner forskjellige merker om, at de tilhører en sen tid.» Dominans av plantemotiv, proporsjonar og det Dietrichson oppfattar som lågare kunstnerisk verd, vert teke til inntekt for dette synet, og Dietrichson meiner portalen stammar frå «betydelig længer ned i tiden» enn den tidfestinga til ca. 1200 som Nicolay Nicolaysen hadde forsøkt seg på tentativt. Roar Hauglid verdset handverket høgare og daterer portalen til midten av 1200-talet. Han meiner same person må stå bak arbeid i m.a. Vinje stavkyrkje og Uvdal stavkyrkje.
I tillegg er det bevart ein gjennombroten planke frå korskillet.
Kjelder Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 127–128
Denne artikkelen bygger på «Øyfjell stavkirke» frå , den 8. september 2020.
Fotnotar Dietrichson, s. 415. Dietrichson, s. 416.
Diplomatarium Norvegicum I:576
Venteleg Diplomatarium Norvegicum II:802, utan at kyrkje- eller soknenamnet er omtala eksplisitt.
Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Telemark
Brendalsmo, s. 127.
Ifølgje Dietrichson.
Sjå t.d. Hauglid (1973), s. 358.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Vinje Kategori:Kulturminne i Vinje