mini|Portalplankar frå Mæl stavkyrkje mini|Portalplankar med illustrasjon frå soga om Sigurd Fåvnesbane Mæl stavkyrkje var forgjengaren til dagens Mæl kyrkje, som står på Ørnes (gnr. 107) i Tinn kommune, om lag 100 meter søraust for tunet på garden. Stavkyrkja stod på same tomta, men visstnok lengre ut mot kyrkjegardsmuren, tett innmed der den noverande kyrkja står.Sjå t.d. Brendalsmo, s. 73. Eldste kjende omtale er frå 31. mars 1358 i samband med ei gravferd.Þet se ollum monnum kunnigt at ek lon prestr a Rollaghe vidær gengær þi med þesso minu brefue at ek var j hia þa er An 1358, 279 undær Hælghæson andædest firir attenda dagh iolæ a mandaudæ vettre nom ok han liggær at Mælsz kirkiu a Tinni... (Diplomatarium Norvegicum I:355). Det er vanleg å rekne med at kyrkja vart oppført på 1100-talet.Jf. Brendalsmo samt Henriksveen, s. 121. Ifylgje Lorentz DietrichsonDietrichson, s. 491. hadde stavkyrkja open svalgang, og ho skal ha vore av samme slaget som Atrå og Dal. Ein trur at kyrkja vart riven like etter at dagens kyrkje vart innvigd i 1839.

Gjenstandar frå stavkyrkja Frå stavkyrkja er det teke vare på portalplankar i Tinn museum. Elles var gjenstandar frå kyrkja i si tid spreidde på bygda.

Kjelder Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 73–74

Denne artikkelen bygger på «Mæl stavkirke» frå , den 1. september 2020.

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Tinn Kategori:Kulturminne i Tinn