Ismaïl Sghyr () er ein marokkansk tidlegare langdistanseløpar som frå 2000 tevla for Frankrike. Han vann sølvmedaljen på 5 000 meter under europameisterskapen 2002.
Aktiv 16 år gammal flytta Sghyr til Bordeaux i Frankrike, men kom til å representere Marokko til han hausten 1999 vart fransk statsborgar. Han slo gjennom med fjerdeplass på 5 000 meter i Göteborg-VM 1995. Etter å ha vunne 10 000-meteren ved Mellomhavsleikane 1997 vart han same sesongen på ny nummer 4 på 5 000 m under verdsmeisterskapen i Aten.
30. juli 1999 sette Sghyr personbeste på 10 000 meter med 27.12,3 ved DN-galan i Stockholm, slått einast av Paul Tergat frå Kenya. Under Bislett Games i Oslo 28. juli 2000 forbetra han sin personlege rekord og den franske rekorden på 5 000 meter til 12.58,8, endå om han berre vart nummer 7 i tevlinga.
Sghyr representerte Frankrike ved Edmonton-VM 2001 der han vart femtemann på halvmila. Året etter sprang han inn til sølvmedalje på same distansen ved europameisterskapen 2002.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Nr 4 på 5 000 m – 13.17,8 OL 1996 i Atlanta: Nr 11 på 5 000 m – 13.22,8 VM 1997 i Aten: Nr 4 på 5 000 m – 13.17,4 VM 1999 i Sevilla: Nr 15 på 10 000 m – 28.41,4 VM 2001 i Edmonton: Nr 5 på 5 000 m – 13.07,7 EM 2002 i München: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.39,8, bakom Alberto García (13.38,1) VM 2003 i Paris: Nr 10 på 10 000 m – 27.54,8 OL 2004 i Aten: Nr 8 på 10 000 m – 27.57,0 VM 2005 i Helsinki: Nr 55 i maraton – 2.27.07
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ismaïl Sghyr» frå , den 13. august 2020.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Marokkanske langdistanseløparar Kategori:Franske langdistanseløparar Kategori:Marokkanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004