Siouxsie and the Banshees var eit britisk rockeband, skipa i London i 1976 av vokalisten Siouxsie Sioux og bassgitaristen Steven Severin. Dei har inspirert mange andre artistar, både samtidige og seinare artistar. Q tok med gitarspelinga til John McKay på songen «Hong Kong Garden» på lista si over dei hundre beste gitarssongane gjennom tidene, medan Mojo rangerte gitaristen John McGeoch som ein av dei hundre beste gitaristane gjennom tidene for arbeidet hans på «Spellbound». The Times omtalte gruppa som «ein av dei mest dristrige og kompromisslause musikalske eventyrarane i post-punk-tida».
I starten vart bandet assosiert med punk-miljøet, men utvikla seg raskt til «ei form for post-punk-disharmoni full av vågale rytmiske og lydmessige eksperiment». Debutalbumet deira The Scream kom ut i 1978 til rosande omtale. I 1980 endra dei den musikalske retninga si og vart «nesten eit heilt anna band» med Kaleidoscope, som nådde femteplassen på UK Albums Chart. Med Juju (1981), som òg nådde topp 10, vart dei eit viktig band i det gryande gotiske miljøet. I 1988 slo bandet gjennom i Nord-Amerika med det varierte albumet Peepshow, som fekk god kritikk. Med stor støtte frå radiostasjonar baserte på alternativ rock,The singles «Peek-a-Boo» (1988) and «Kiss Them For Me» were both number 1 for several weeks in the Billboard Modern Rock Tracks chart, which listed the most played songs on alternative radio stations in the US. «Kiss Them for Me» stayed at the top of this chart for six weeks in a row from 6. juli 1991. See fekk dei ein hit i USA i 1991 med singelen «Kiss Them for Me».
I løpet av karrieren gav Siouxsie and the Banshees ut 11 studioalbum og 30 singlar. Bandet hadde fleire endringar i besetninga og Siouxsie og Severin var dei einaste konstante medlemmane. Dei vart oppløyst i 1996, men Siouxsie og trommeslagaren Budgie heldt fram å spele inn musikk som The Creatures, eit band dei skipa på si i tidleg i 1980-åra. I 2004 byrja Siouxsie òg ein solokarriere.
Historie
Skiping (1976–1977) Siouxsie Sioux og Steven Severin møttest på ein Roxy Music-konsert i september 1975 på ei tid då glamrock var på veg ut og det ikkje var noko nytt som kom opp som dei kunne identifisere seg med. Frå februar 1976 byrja Siouxsie, Severin og somme vener å følgje eit usignert band, The Sex Pistols. Journalisten Caroline Coon kalla dei «Bromley Contingent», sidan dei hovudsakleg kom frå Bromley-området sør i London, ein merkelapp Severin kom til å forakte. «Det var ikkje noko slikt, det var berre ein gjeng som møttest på grunn av korleis dei kjende seg og såg ut». Dei var alle inspirerte av Sex Pistols og den kompromisslause haldninga deira. Då dei fekk vite at eitt av banda som skulle spele på 100 Club Punk Festival, organisert av Sex Pistols-manageren Malcolm McLaren, trekte seg frå spelelista i siste augneblink, føreslo Siouxsie at ho og Severin kunne spele, sjølv om dei ikkje hadde noko bandnamn eller andre medlemmar. To dagar seinare spelte paret på festivalen i London den 20. september 1976. Med to lånte musikarar på scenen, Marco Pirroni på gitar og John Simon Ritchie (då alt kjend som Sid Vicious) på trommer, bestod settet deira av ein 20 minuttar lang improvisasjon basert på «Fader vår».
Sjølv om bandet var meint å bli oppløyst etter konserten, vart dei beden om å spele igjen. To månadar seinare henta Siouxsie og Severin trommeslagaren Kenny Morris og gitaristen Pete Fenton. Etter å ha spelt fleire konsertar tidleg i 1977, forstod dei at Fenton ikkje passa inn, fordi han var «ein verkeleg rockegitarist». John McKay tok til slutt plassen hans i juli. I november spelte dei første gongen på TV på Manchester-kanalen Granada, på showet til Tony Wilson kalla So It Goes. Dei spelte så første gongen for John Peel på BBC radio der dei hadde premiere på ein ny song, «Metal Postcard», og introduserte ein «motorik-nøysemd» i trommemønsteret. Bandet skildra musikken sin som «kald, maskin-liknande og lidenskapeleg samstundes». Dei var på framsida av det britiske vekesmagasinet Sounds, der Vivien Goldman skreiv: «dei høyrest ut som eit industrianlegg på 2000-talet».
The Scream og Join Hands (1978–1979) Medan bandet spelte utselde konsertar i London tidleg i 1978, hadde dei framleis problem med å få seg den rette platekontrakten, som kunne gje dei «full kunstnarisk kontroll». Polydor gav dei til slutt tilbodet dei ønskte seg og dei signerte i juni. Den første singelen, «Hong Kong Garden», består av eit xylofon-motiv, og nådde topp 10 i Storbritannia kort tid etter. Ei melding i NME kalla songen «ei lys, levande forteljing, som augeblikksbilete frå vindauget av eit japansk lyntog, ladd med den mest originale, berusande gitarspelinga eg høyrt på lang, lang tid».
Bandet gav ut debutalbumet sitt, The Scream, i november 1978. Nick Kent i NME sa om plata: «Bandet høyrest ut som ei blanding av The Velvet Underground blanda med mykje av oppfinnsamheita på Tago Mago-tida til Can, om ein kan trekkje nokon parallell». Mot slutten av artikkelen la han til: «Den tradisjonelle tredelte lyden har absolutt aldri blitt brukt på ein meir uortodoks måte med så fantastiske resultat før».
Det andre albumet til The Banshees, Join Hands, kom ut i 1979. I Melody Maker skildra Jon Savage songen «Poppy Day» som «ei kort, mektig levandegjering av gravplassane etter første verdskrigen», og Record Mirror skildra heile plata som eit farleg verk som «må høyrast». The Banshees la ut på ein stor turné for å marknadsføre albumet. Eit par dagar inn i turneen i september, drog Morris og McKay frå ei butikksignering etter ein krangel og slutta i bandet. The Banshees trengde erstattarar for å fullføre resten av turneen og manageren deira ringde til trommeslagaren Budgie, som tidlegare hadde spelt i The Slits, og spurte om han ville prøvespele. Budgie fekk jobben, men Siouxsie og Severin hadde ingen suksess med å finne ein ny gitarist. Robert Smith frå The Cure tilbaud seg å hjelpe dei om dei ikkje fann ein gitarist (gruppa hans var alt oppvarmingsband på turneen), og bandet tok i mot tilbodet. Turneen fortsette i september og etter den siste konserten drog Smith attende til The Cure.
Kaleidoscope, Juju og A Kiss in the Dreamhouse (1980–1982) mini|portrett|Siouxsie (1980)
Trommeslagaren Budgie vart fast medlem og bandet gjekk i studio for å spele inn singelen «Happy House» med gitaristen John McGeoch, som då framleis var medlem i Magazine. Det tredje albumet deira, Kaleidoscope, kom ut i 1980, der The Banshees gjekk i nye musikalske retningar og brukte andre instrument som synthesizer, sitar og trommemaskinar. Gruppa hadde opphavleg ein plan om la kvar song høyrast heilt forskjellig ut, utan tanke på om songen let seg framføre på scenen. Melody Maker skildra resultatet som «eit kaleidoskop av lyd og bilete, nye former og innhald, som blinkar føre augo våre». Kaleidoscope vart ein salssuksess og nådde femteplassen på den britiske albumlista. Denne besetninga, med McGeoch på gitar, turnerte i USA for første gongen, og spelte dei første konsertane sine i New York City i november 1980.
På Juju (1981) gjekk bandet til verks på ein ny måte og øvde inn songane på konsertane sine før dei spelte dei inn. Juju vart i følgje Severin eit utilsikta konseptalbum som «var basert på mørkare element». Sounds hylla det som «spanande, intenst, tankevekkjande og særs atmosfærisk». Albumet nådde sjuandeplassen på den britiske albumlista og vart eit av dei bestseljande albuma deira. Gitarspelet til McGeoch på Juju vart seinare lovprisa av Johnny Marr frå The Smiths.
På den påfølgjande turneen i 1981 vart Siouxsie og Budgie i løyndom eit par. Samstundes byrja dei å spele som ein tromme-og-vokal-duo kalla The Creatures, som gav ut den første EP-en sin, Wild Things.
The Banshees følgde i 1982 med det psykedeliske A Kiss in the Dreamhouse. Plata, med strykarar på fleire av songane, var ein medviten kontrast til dei tidlegare platene deira, som Severin sidan skildra som eit «sexy album». Den britiske pressa var entusiastiske. Richard Cook fullførte meldinga si for NME med: «Eg lovar...denne musikken vil ta pusten frå deg». På denne tida sleit McGeoch med alkoholproblem og vart lagt inn på sjukehus då han kom attende frå ein marknadsføringstur til Madrid. Bandet sparka han kort tid etter. Severin spurte Robert Smith om å ta over som gitarist igjen og Smith kom inn i gruppa i november 1982.
Hyæna, Tinderbox og Through the Looking Glass (1983–1987) I 1983 arbeidde bandmedlemmane på fleire sideprosjekt. Siouxsie og Budgie skapte det første Creatures-albumet, Feast, medan Severin og Smith spelte i lag som The Glove. Smith insisterte på å dokumentere tida si med The Banshees, så gruppa gav ut ein versjon av The Beatles-songen «Dear Prudence» i september 1983. Han vart den største hitten deira og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart. Dei gav òg ut eit konsertalbum, Nocturne, og fullførte det sjette studioalbumet deira, Hyæna. Kort tid før albumet kom ut i mai 1984, slutta Smith i gruppa, og sa sjølv det var av helseårsaker sidan han vart overarbeidd då han var i to grupper samstundes.
Den tidlegare Clock DVA-gitaristen John Valentine Carruthers erstatta han. The Banshees omarbeidde så fire nummer frå repertoaret sitt, med ein strykeseksjon, for EP-en The Thorn. NME gav prosjektet god omtale: «Krafta i eit klassisk orkester er den perfekte folien for den malande, insisterande lyden til bandet». Den nye Banshees-besetninga brukte mykje av 1985 på ei ny plate, Tinderbox. Gruppa fullførte songen «Cities in Dust» før albumet kom ut, så dei gav han kjapt ut før dei la ut på den lengste turneen sin i Storbritannia. Tinderbox kom til slutt ut i april 1986. Sounds skreiv: «Tinderbox er ei forfriskande vinkling på det forstyrra perspektivet til The Banshees og gjenopprettar dei livlege nyansane i den bleike paletten til popen». Sidan dei brukte så lang tid på Tinderbox, ønskte gruppa spontanitet og valde å spele inn eit album med coversongar, Through the Looking Glass, i 1987. Mojo roste seinare versjonen deira av «Strange Fruit». Etter albumet kom ut forstod bandetatCarruthers ikkje lenger passa inn og valde å spele inn nye songar som ein trio.
Peepshow (1988–1990) Etter ein lengre pause henta bandet inn multi-instrumentalisten Martin McCarrick og gitaristen Jon Klein. Kvintetten spelte inn Peepshow i 1988, med ikkje-tradisjonelle rockeinstrument som cello og trekkspel. Q gav albumet særs god omtale: «Peepshow finn stad i eit slags forvridd tanke-tivoli der rare og fantastiske former oppstår». Den første singelen, «Peek-a-Boo», vart sett av kritikarane som eit «modig grep» med blåsarar og danseelement. Sounds skreiv: «Skarptromma vert klappa til, stemma til Siouxsie bølgjer seg kring hovudet ditt og alt kjem saman på magisk vis». «Peek-a-Boo» var det første verkelege gjennombrotet deira i USA. Etter turneen valde bandet å ta ein pause, og Siouxsie og Budgie spelte inn eit album som Creatures, som vart det mest kritikarroste albumet deira til no, Boomerang, og Severin og McCarrick arbeidde på materiale i lag.
Superstition, The Rapture og oppløysing (1991–1999) I 1991 vende Siouxsie and the Banshees attende med singelen «Kiss Them for Me», som blanda strykarar over ein danserytme fylt med exotica. Gruppa samarbeidde med då ukjende, asiatiske tabla-spelaren Talvin Singh, som òg song på mellomspelet. Singelen fekk god kritikk og nådde sidan 23. plassen på Billboard Hot 100, der dei nådde eit nytt publikum. Albumet Superstition kom ut kort tid etter, og gruppa turnerte USA som det andre hovudnamnet på den første Lollapalooza-turneen. Året etter vart The Banshees spurt om å komponere «Face to Face» som ein singel for filmen Batman Returns, etter ynskje frå regissøren Tim Burton.