Fiqh (arabisk skrift , ‘kunnskap, fornuft’) er ein islamsk rettsvitskap som blei utvikla på 700- og 800-talet. Han blir praktisert i fire ulike rettsskular innan sunniislam: Hanafi, Maliki, Shafi'i og Hanbali. Innan sjiaislam finst det to rettsskular: Usuli og Akhbari. Ein person som er utdanna innan fiqh blir kalla faqih.Glasse, Cyril (2001): The New Encyclopedia of Islam, Altamira, s. 141

Sjaria er «stien Allah har peikt ut for menneske». Han inneheld normer og reglar som kan rettleia menneske inn på denne stien. Det er dermed eit lovverk med påbod som reflekterer desse normene og reglene. Sjaria byggjerseg på Koranen og hadith. Likevel finst det spørsmål som ikkje har direkte svar i sjaria. Då må ein bruka andre prinsipp for å koma fram til rettleiing. I fiqh nyttar ein derfor to prinsipp i tillegg til Koranen og hadith: Muslimar vil tolka dette ulikt avhengig av blant anna fortolkingstradisjon, kva lovskule dei tilhøyrer og anna.Rian & Eidhamar (1995): Jødedom og Islam. Høyskoleforlaget, 2.utg. s. 173

Qiyas vil seia at ein trekkjer slutningar ut frå det i Koranen og hadith som liknar mest på den problemstillinga som skal vurderast. Til dømes omtalar ikkje sjaria bruk av kokain. Då vil ein ta utgangspunkt i forbodet mot alkohol. Sidan alkohol og kokain har liknande effektar på eit menneske, kan ein resonnera seg fram til eit forbod mot bruk av kokain ved hjelp av dette prinsippet.

Ijma vil seia semje blant dei rettslærde. Ifølgje Hadith uttalte Muhammed at «mitt fellesskap vil aldri blir einige om eit mistak». På denne bakgrunnen kan ein sjå på avgjerder som dei muslimske rettslærde er samde om, som ein del av fiqh.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fiqh» frå , den 10. august 2020.

Kategori:Islam Kategori:Islamsk rettslære Kategori:Arabiske ord og uttrykk