MS «Saturnus» (kallesignal LJFT - LHFH) var eit motorskip bygt i 1930 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. «Saturnus» er det latinske namnet på planeten Saturn.
Historie Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta opp under ein million kroner då det vart levert i juli 1930. Skipet gjekk av stabelen 16. mai 1930. Det var systerskip til og , som begge vart bygde fem år tidlegare. Den første prøveturen på Byfjorden vart utført 24. juli. Den første turen gjekk som vikarskip for i ruta til Lofoten og Senja. Etter denne turen gjekk skip inn i ruta mellom Oslo og Kirkenes i lag med systerskipa. Alt i august tok det ei ny vikarrute for til Tromsø, ei rute det kom til å gå fast i dei neste åra.
18. november 1933 var det ei dødsulukke ombord på «Saturnus» medan skipet låg i Bodø. Den 23 år gamle matrosen Karsten Solstad fall frå luka på mellomdekket og ned på banjerdekket, kring 2,5 meter nedanfor. I fallet råka truleg hovudet hans kanten av luka på mellomdekket. Lege vart tilkalla men livet stod ikkje til å redde.
9. juli 1936 fekk skipet ein motorskade og måtte forhalast ved Laksevåg, der skaden vart reparert dagen etter. 30. mars 1937 fekk skipet på ny maskinskade og måtte innstille ruta til Tromsø den veka. Reperasjonen tok lengre tid enn ein hadde trudd og gamle tok derfor over som vikar. 20. april vart det utført ein prøvetur etter reparasjonen då det oppstod ein kraftig eksplosjon ombord. Toppventilen vart sprengt av og gjekk gjennom jernplater som danna veggen i maskinrommet. Fleire røyr vart òg øydelagd. Andremaskinisten og eit par andre menn var i maskinrommet då eksplosjonen skjedde, men ingen kom til skade. Skipet måtte dermed inn att til reparasjon. «Mercur» fortsette derfor som vikarskip. 4. mai var «Saturnus» attende i ruta si.
8. april 1940 var skipet på veg sørover frå Trondheim, då det fekk ordre av den britiske destroyeren om å gå til Kristiansund på grunn av minelegging nær Stad. Då tyskarane invaderte vart «Saturnus» lagt i opplag i Todalsfjorden. Her vart det angripe av tyske fly 28. april. Mannskapet skutla skipet ved å opne ventilane og det sokk morgonen den 29. april. Ho hadde då ikkje noko last ombord. Ingen ombord vart skadd eller mista livet i flyåtaket.
21. mars 1941 vart det heva av Norsk Bjergningskompani. Skipet vart reparert og gjekk inn att i teneste til BDS hausten 1942. På grunn av aukande mangel på drivstoff mot slutten av krigen låg skipet ofte i opplag.
Alt 15. mai 1945 var skipet på veg nordover frå Bergen og gjekk raskt inn att i ruta til Tromsø, men utvida etter kort tid ruta til å gå mellom Oslo og Troms. I mars 1947 hadde skipet ein ekstratur til Newcastle. I august og september same året var skipet i Laksevåg for overhaling av maskinen. Ein arbeidar fall ned i lasterommet på «Saturnus» 21. januar 1949. Han vart køyrt til sjukehus, men vart ikkje hardt skadd.
8. januar 1951 fekk «Saturnus» eit maskinhavari og vart av lokalskipet slept inn til Bodø. Ein maskinventil var øydelagd og det måtte vente nokre dagar i Bodø på maskindel frå Bergen før det kunne gå vidare. I desember 1951 gjekk «Saturnus» på grunn i Raftsundet i snøføyke. Skipet kom straks av att og kunne halde fram turen tilsynelatande uskadd. Skipet hadde likevel fått noko skade i skroget. Skaden vart sett til 15 800 kroner og skipet vart i skadelidd tilstand sett til 1,5 millioner kroner.
Tidleg i 1954 gjekk skipet enkelte turar til Hammerfest. 16. mai 1955 lossa «Saturnus» for siste gongen i Bergen etter å ha kome frå Tromsø, og gjekk så i opplag. I august vart selt til Kr. E. Samuelsen og Ivar Olsen i Oslo, som gav skipet namnet «Bergion». Det fortsette då å gå i rute mellom Oslo og Finnmark.
I oktober 1956 vart et selt til Navigenoa SpA (Fratelli Frassinetti) i Genova i Italia, og omdøypt «Levante». Skipet gjekk på grunn Capo di Monte Sante på austkysten av Sardinia den 23. oktober 1963, på reise mellom Tunisia og Marseilles. 12 mann mista livet.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 955 brt, 510 nrt og lasteevna var 1 100 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 565 m³ og av dette var 283 m³ kjølerom etter dette vart lagt inn i 1938. 17 m³ var filetrom.
Hovudmaskinen var ein dieseldriven maskin frå A/B Atlas Diesel i Stockholm. Oppgjeven yting var 1500 bHk (bremsande hestekrefter) som gav ein toppfart på 10 knop.
Det var rom til to passasjerar.
I 1949 fekk skipet ny radio og i 1950 og 1951 høvesvis ekkolodd og radar.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Mange av ruteskildringane er henta frå søk i arkivet til Bergens Tidende under små, korte notisar kalla «Skibsefterretninger».
Kategori:Norske motorskip Kategori:Norske passasjerskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1930 Kategori:Forlis i 1963 Kategori:Forlis i Middelhavet Kategori:Forlis i Italia