Bilbrev er eit heimelsdokument i form av eit byggjesertifikat som stadfestar at eit fartøy skal byggjast av verftet til eigaren. Slike dokument var i vanleg bruk på 1600- og 1700-talet for å dokumentera panterett i eit skip som var under bygging. Bilbrevet vart utskrive til ein person som hadde bidrege med pengar til bygginga av skipet. Føremålet var å gje tryggleik for investeringa. I seinare tid vert bilbrev brukt om ein attest – skipsbyggingsattest – utskriven på tru og ære av skipsbyggmeisteren. Etymologisk kjem ordet frå lågtysk bielbref
I bilbrevet finn ein namn på verftet, byggjenummer og namnet til kjøparen. Det skal òg innehalde opplysningar om fartøyet, som namn, kjennemerke, byggeår, storleik, byggjemateriale og framdriftsmiddel.
Frå 1860 vart bilbrev utskrivne av magistrat eller sorenskrivar. Frå 1901 hadde notarius publicus denne oppgåva.
Bergen Byarkiv tek vare på skipsbyggingsattestar. Attestane finn ein i arkivet etter Magistraten. Materialen dekker tidsrommet 1749–1902.
Kjelder
Kiil, Alf: Arkivkunnskap. Statsarkiva. Universitetsforlaget 1969
Denne artikkelen bygger på «Bilbrev» frå , den 31. juli 2020.
Bakgrunnsstoff
Bilbrev - oppslagsverket oVe, artikkel av Åsta Vadset, Bergen Byarkiv. Bilbrev frå Skipsregisterne
Kategori:Dokument Kategori:Skipskonstruksjon Kategori:Båtbygging