Skin er det 14. studioalbumet til Peter Hammill, gjeve ut på Foundry Records i 1986 og sidan på CD på Virgin Records.

Albumet inneheld singelen «Painting by Numbers», som kom ut på både 7"- og 12"-plater. Det var den 11. og til no siste singelen til Hammill. B-sida var songen «You Hit Me Where I Live», som ikkje var med på originalalbumet. Dette sporet kom seinare ut på CD-utgåva av albumet. Ei seinare CD-utgåve på DaTE kom med to ekstra spor, «You Hit Me Where I Live» plus «Painting by Numbers» (lang versjon).

Hammill nyttar seg av Yamaha DX7 på albumet, den første kommersielt suksessrike digitale synthesizeren, eit instrument som var typisk for stilen i 1980-åra og som han framleis nyttar seg av i dag. Han brukte òg ein Emu Drumulator trommemaskin.

Innhald Alle songar av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde

Medverkande Hugh Banton – cello David Coulter – didjeridu Guy Evans – perkusjon, trommer Stuart Gordon – fiolin Peter Hammill – gitar, klaverinstrument, vokal David Jackson – saksofon David Luckhurst – vokal

Teknisk Peter Hammill - lydteknikar (Sofa Sound) Coach, Neil Perry, Stephen Street – lydteknikarar, miksing (The Wool Hall nær Bath) Paul Ridout – lydteknikar, design Arun Chakraverty – mastering

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Skin (Peter Hammill album)» frå , den 29. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Peter Hammill-album Kategori:Musikkalbum frå 1986