Leslie Djhone () er ein ivoriansk-fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Abidjan. Han vann i 2003 VM-gull og i 2006 EM-gull i 4 x 400 meter stafett, dessutan tok han ein individuell bronsemedalje på 400 meter ved EM 2006.
Aktiv Djhone, som vart fransk statsborgar i 1998, sprang fyrsteetappen for den franske laget som tok bronsen i 4 x 400 meter stafett i EM 2002. Under verdsmeisterskapen 2003 på fransk jord kom han på fjerdeplassen på 400 meter, tre hundredels sekund bakom bronsevinnaren. Fem dagar seinare ytte han sitt til at Frankrike kom i mål som nummer 2 på stafetten, ein prestasjon som året etter vart lønt med gullmedalje då det kom for ein dag at ein av USA sine løparar skulle ha vore stengt ute.
Dei neste åra kvalifiserte Djhone seg til finalen på 400 meter både under OL 2004 og OL 2008, EM 2006 og EM 2010, samt VM 2007 og VM 2009. Høgst opp på resultatlista kom han i Göteborg-EM 2006, der han tok bronsemedaljen på 400 m og vann gull på stafetten. Beste løpa gjorde han likevel i Osaka-VM 2007, då han i semifinalen sette fransk rekord med tida 44,46 sekund, før han i finalen vart femtemann på 44,59.
Våren 2011 sigra Djhone på 400 m ved innandørs-EM i Paris.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2002 i München: Bronsemedalje i 4 x 400 m stafett (3.02,7) VM 2003 i Paris: Nr 4 på 400 m – 44,83. Gull i 4 x 400 m stafett (2.58,9), saman med Naman Keïta, Stéphane Diagana og Marc Raquil OL 2004 i Aten: Nr 7 på 400 m – 44,94 VM 2005 i Helsinki: Nr 6 i 4 x 400 m stafett (3.03,1). Utslått i forsøket på 400 m (46,57=nr 34) EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje på 400 m – 45,40. Gull i 4 x 400 m stafett (3.01,1), saman med Ydrissa M’Barke, Naman Keïta og Marc Raquil VM 2007 i Osaka: Nr 5 på 400 – 44,59 OL 2008 i Beijing: Nr 5 på 400 – 45,11 VM 2009 i Berlin: Nr 8 på 400 – 45,90 og nr 7 i 4 x 400 m stafett (3.02,6) EM 2010 i Barcelona: Nr 6 på 400 – 45,30 og nr 6 i 4 x 300 m stafett (3.03,8)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Leslie Djhone» frå , den 27. juli 2020.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Franske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010