Oto Janovitsj Grigalka () var ein latvisk friidrettsutøvar som tevla for Sovjetunionen. Han deltok både i kulestøyting og diskoskasting.
Aktiv Grigalka tok bronsemedaljen i kulestøyt ved europameisterskapen 1950. Under dei olympiske leikane 1952 i Helsinki enda han på fjerdeplass i kulestøyt og sjetteplass i diskoskast. I eit stemne på den same bana i slutten av juni 1954 sette han personleg rekord i kulestøyt med 17,20 meterArbeiderbladet 28. juni 1954. To månader seinare vann han sølv i øvinga ved EM i Bern, klart slått av storfavoritten Jíři Skobla. Under Sommar-OL 1956 vart Grigalka femtemann i diskoskast.
Grigalka var sovjetmeister i kulestøyt tre år i rad, 1952-54, og fire år i rad i diskoskast, 1953-56. Tidleg i oktober 1958 forbetra han i Kharkov den sovjetiske rekorden i diskoskasting til 56,94 meterFriheten 4. oktober 1958.
Grigalka var gift med Marija Pisareva, høgdehopparen som vann OL-sølv i 1956. Han døydde i ein landsby i Madona kommune i heimlandet Latvia.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1950 i Brussel: Bronsemedalje i kule – 15,14 m OL 1952 i Helsinki: Nr 4 i kule – 16,78 m og nr 6 i diskos – 50,71 m EM 1954 i Bern: Sølvmedalje i kule – 16,69 m og nr 6 i diskos – 50,60 m OL 1956 i Melbourne: Nr 5 i diskos – 52,37 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oto Grigalka» frå , den 26. juli 2020.
World Athletics
Notar
Kategori:Sovjetiske diskoskastarar Kategori:Sovjetiske kulestøytarar Kategori:Latviske friidrettsutøvarar Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956