Maria Vladimirovna Zakharova () er ein russisk journalist og diplomat. Sidan 10. august 2015 har ho vore direktør for Avdeling for informasjon- og presse ved det russiske utanriksdepartementet i MoskvaDirecteur du Département de l'information et de la presse, Utanriksdepartementet til den russiske føderasjonen. og er ofte talskvinne i utanrikssaker.
Biografi Maria Zakharova kjem frå ein diplomatfamilie. Ho voks opp i Beijing, der foreldra hennar arbeidde. I 1998 gjekk ho ut frå Fakultet for internasjonal informasjon ved Moskvas statlege institutt for internasjonal politikk. Etter at ho hadde fullført universitsgraden sin tok til å arbeida ved utanriksdepartementet, men var samstundes redaktør for tidsskriftet Diplomatitcheskiy vestnik (Diplomatisk revue). Frå 2005 til 2008 var ho pressesekretær ved den permanente staben til Russland ved Dei sameinte nasjonane i New York. I perioden 2008 til 2011 hadde ho fleire sentrale stillingar ved utanriksdepartementet. Frå 2011 til 2015 var ho visedirektør ved Avdeling for informasjon- og presse ved utanriksdepartementet. Den 10. august 2015 vart ho utnemnt til direktør for denne avdelinga, og vart den fyrste kvinna som har hatt denne stillingaО назначении М.В.Захаровой директором Департамента информации и печати МИД России, Министерство иностранных дел Российской Федерации, 10/8-2015.. I 2016 vart ho av BBC plassert på lista av 100 eksepsjonell kvinner BBC 100 Women 2016: Who is on the list?, BBC, 7/10-2019..
Referansar
Kategori:Russiske diplomatar Kategori:Folk frå Moskva