Arnold Peter Møller, kjent som A.P. Møller, () var ein dansk grosserar og skipsreiar.

Han stifta i 1904 A/S Dampskibsselskabet Svendborg (i dag A.P. Møller – Mærsk) saman med far sin, kaptein Peter Mærsk Møller, men ynskte å oppretta eit nytt dampskipsselskap der han sjølv hadde det avgjerande ordet. Dette selskapet, Dampskibsselskabet af 1912, vart stifta i 1912. Begge desse selskapa er i dag ein del av A.P. Møller – Mærsk.

A.P. Møller gifta seg 30. april 1910 i Mayview i Missouri i USA med Chastine Estelle Roberta Mc-Kinney, ofte kalla «Chassie». Chassie var frå Kentucky i USA. Ho døydde i 1948, og fire år seinare gift A.P. Møller seg med Pernille Ulrikke Amalie Nielsen (1886–1972), fødd i Noreg.

Han døydde i 1965 og er gravlagt på Hellerup kyrkjegard.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arnold Peter Møller» frå , den 22. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Danske skipsreiarar Kategori:Folk frå Dragør