Jeanne d'Arc er det 92. albumet totalt og det 32. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i september 2005.

Om ein ser bort frå Dante-trilogien, Dream Mixes-serien og arkivutgjevingar, var dette det første ordentlege studioalbumet til Tangerine Dream sidan Mars Polaris i 1999. Det var òg det første albumet med det nye bandmedlemmet Thorsten Quaeschning, og for første gongen sidan 1990 hadde bandet tre komponistar, i tillegg til Edgar Froese og sonen Jerome Froese. Quaeschning hadde alt arbeidd med bandet i fleire år som lydteknikar, i tillegg til at han arbeidde med Edgar Froese på soloalbuma hans. Froese sa i eit intervju i 2014 at sonen og Quaeschning ikkje gjekk så godt i lag og at det var årsaka til at sonen slutta i gruppa i 2006, medan Quaeschning fortsette.

På liknande vis som Mars Polaris presenterte Tangerine Dream det nye studioalbumet sitt på to konsertar i Berlin i juli 2005.

I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag.

Innhald

Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Jerome Froese – klaverinstrument Thorsten Quaeschning – klaverinstrument, elektroniske trommer Iris Camaa - perkusjon Linda Spa - saksofon, fløyte

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Tangerine Dream-album