Mota Atma er det 76. albumet og det 27. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i april 2003.
Albumet inneheldt musikk til den japansk-amerikanske dokumentarfilmen Mota Atma. Det er ikkje kjend om filmen kom ut offisielt. Musikken er framført av far og son, Edgar og Jerome Froese.
Sporet «Gate of Saturn» vart annonsert på Astoria Theatre i London som ein singel frå albumet, men vart av ukjende årsaker gjeve namnet «Brain Offender» på albumet.
I januar 2007 vart albumet tilgjengeleg i nettbutikken til Tangerine Dream. Medan alle komposisjonane var tilskrivne både Edgar og Jerome Froese i det originale CD-heftet, var alle spora no oppførte med berre Edgar Froese som komponist. I mars 2009 kom albumet ut på ny med eit anna plateomslag.
Innhald
Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument Jerome Froese - klaverinstrument
Teknisk Debbis Miller - lydteknikar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Filmmusikkalbum av Tangerine Dream Kategori:Filmmusikkalbum frå 2003