220 Volt Live er det 48. albumet og det sjuande konsertalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det vart spelt inn i USA i oktober og november 1992. Albumet vart det siste konsertalbumet deira med nye komposisjonar før Inferno (2002). Dette kan reknast som det mest rocka albumet Tangerine Dream gav ut til då, der gitaristen Zlatko Perica har ei større rolle. Albumet vart gjeve ut på ny i 1999 og igjen i 2009 på Membran.Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste new age-album i 1994.
Dreamtime''' vart gjeve ut i lag med 220 Volt Live i 1993. Denne inneheld tre korte spor frå albumet, inkludert studiosporet Treasure of Innocence, ein versjon av av «Purple Haze», og ein alternativ versjon av Dreamtime. Den alternative versjonen hadde tekst skriven og framført av Jayney Klimek. Julie Ocean bidrog med teksten.
Innhald
Medverkande Tangerine Dream Edgar Froese – klaverinstrument, gitar Jerome Froese – klaverinstrument, gitar Linda Spa – saksofon, klaverinstrument Zlatko Perica – gitar
KjelderDenne artikkelen bygger på «220 Volt Live» frå , den 15. juli 2020. oppgav desse kjeldene:''
Kategori:Konsertalbum frå 1993 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream