Erris Head (irsk Ceann Iorrais) er eit nes som ligg på nordspissen av Mullet-halvøya i Erris nordvest i County Mayo i Irland. Det er velkjent som eit landemerke for sjøfolk og meteorologar, og er også eit utkikkspunkt mot Atlanterhavet frå bratte steinklipper.

Verneområde Erris Head har status som eit særskilt viktig verneområde (Special Area of Conservation, SAC) under habitatdirektivet til Europakommisjonen.

I klippene hekkar sjøfuglar, med havhest og svartbak som dei mest talrike. Vandrefalk og alpekråke kan også hekka her. Om vinteren beiter kvitkinngås på graset over klippene. Hare og buttsnutefrosk held til på neset, medan havert ofte held til ved foten av klippene.

Ein del av havet, 200 m ut frå botnen av klippene, er del av det verna området. Det er verna hovudsakleg for å gje meir vern til sjøfuglane som hekker her. Sjå òg Wild Atlantic Way

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Erris Head» frå , den 9. juli 2020.

Kategori:Special Areas of Conservation i Republikken Irland Kategori:Nes på Irland Kategori:Mayo Kategori:Marinreservat i Republikken Irland Kategori:Verneområde i County Mayo Kategori:Gaeltacht i County Mayo Kategori:Erris