Islands er det 11. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1987 på Virgin. Gjestesongarar på albumet er Bonnie Tyler, Kevin Ayers, Anita Hegerland og Jim Price. Den amerikanske utgåva nytta ei anna rekkjefølgje på songane og eit anna plateomslag.
Info Islands kom òg ut som ein fullstendig VHS-video. Det vart laga ein musikkvideo for kvart spor på albumet, som ofte miksa moderne (for den tida) datagenererte bilete med levande bilete.
Albumet vart laga ved hjelp av ei rekkje medprodusentar, fleire enn Oldfield jobba med verken før eller sidan. Produsentar på albumet var Michael Cretu (seinare for Enigma), Geoffrey Downes, Tom Newman, Simon Phillips, Alan Shacklock og Oldfield sjølv.
Den største singelen frå albumet i Europa var tittelsporet, «Islands», som var sungen av Bonnie Tyler. I USA vart den største hitten «Magic Touch» og denne nådde topp 10 på Billboard Hot Mainstream Rock Tracks tidleg i 1988.
Det vart gjeve ut fire singlar totalt frå albumet, «Islands» (som Mike & Bonnie) og «The Time Has Come», og to i 1988, «Flying Start» og «Magic Touch».
Innhald Alle songane komponerte av Mike Oldfield.
Amerikansk utgåve frå 1988
Medverkande Mike Oldfield Simon Phillips – trommer (på «The Wind Chimes») Anita Hegerland – vokal (på «The Wind Chimes», «North Point», «The Time Has Come», «When the Night's on Fire») Bonnie Tyler – vokal (på «Islands») Kevin Ayers – vokal (på «Flying Start») Max Bacon – vokal (på «Magic Touch» [amerikansk utgåve]; korvokal på «Islands») Jim Price – vokal (på «Magic Touch» [britisk utgåve]) Tony Beard Raf Ravenscroft – saksofon (på «Islands») Andy Mackay Mickey Simmonds Phil Spalding Micky Moody Rick Fenn Björn J:son Lindh – fløyte (på «The Wind Chimes») Mervyn (Spam) Fence Pierre Moerlen Benoit Moerlen
Salslister Liste Plassering
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Islands (Mike Oldfield album)» frå , den 2. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Mike Oldfield-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album produserte av Tom Newman Kategori:Album produserte av Simon Phillips Kategori:Album produserte av Michael Cretu Kategori:Album produserte av Alan Shacklock