Feistein fyr er eit fyr i Klepp kommune på Jæren. Fyret ligg på ein holme ved Jærens rev, og utanfor Borestranda og Selestranda. Feistein fyr vart oppretta i støypejern i 1859. Det vart automatisert og avfolka i 1989, og er freda som kulturminne.
Den franske fyrlampen frå 1914 er framleis i drift. Delar av diafonen og eit eldre klippapparat er bevart. Ved fyret ligg maskinhus og oljetankar, bustad, uthus, og tufter etter tidlegare bustader, uthus og naust. I tillegg tilå vere verna som kulturminne inngår fyrstasjonen i Jærstrendene landskapsvernområde etter lov om naturvern.
Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg
Bakgrunnsstoff borestrand.no om Feistein fyr
Kjelder
Kategori:Kulturminne i Klepp Kategori:Fyr i Rogaland Kategori:Freda bygg i Rogaland