mini|Fotografi frå 1931 som viser fire generasjonar mødrer og døtrer. Dotter er kvinneleg avkom, ei jente eller kvinne i høve til foreldra sine. Det svarer til son for menn. Nemninga blir òg brukt analogisk i fleire felt, for å visa tilhøve mellom grupper eller bestanddelar (til dømes dottercelle og dotterselskap).

I patriarkalske samfunn har ofte døtrer ulike eller mindre familierettar enn søner. I fleire førindustrialiserte samfunn, og nokre eksisterande samfunn, kan ein familie ofte føretrekka å få søner framfor døtrer, og nokre stader har ein derfor utført spedbarnsdrap på jenter.Stein, Dorothy: Burning widows, burning brides: The perils of daughterhood in India. Pacific Affairs, volum 61, nr. 3, s. 465. University of British Columbia.

Etymologi Ordet «dotter» er nærskyldt med norrønt dóttir. Bokmål «datter» er truleg eit lånord frå dansk. Den norrøne forma er avleidd av germansk *duhtér, igjen frå indoeuropeisk *dhughəter-.de Caprona, Yann: Norsk etymologisk ordbok, s. 32–33. Kagge Forlag (2014).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Datter» frå , den 29. juni 2020.

Kategori:Familie Kategori:Kvinner