Ose Countryfestival er ein musikkfestival på Ose i Bygland kommune i Setesdal. Han blei halden for første gong i 1983.
Historie Festivalen byrja i 1983 på Reiårsfossen Camp på Osefita i Setesdal med ca. 11 000 vitjande, noko som var mykje meir enn arrangøren hadde hatt forhåpingar om. Festivalen blei flytta litt rundt og blei mellom anna halden i Dalen og i Seljord, men kom så tilbake til Ose der han blei verande i fleire år.
Hovudartist i 2004 var, som i 1983, Wendel Adkins. I 2005 var det The Pirates Of The Mississippi, 2006 var det countrystjernene Dwight Yoakam og Bobby Bare, i 2007 Pam Tillis og i 2008 opptredde norskætta Lynn Anderson på festivalen.
I 2008 gjorde Anita Hegerland eit comeback på Ose Countryfestival. Lynn Anderson opptredde saman med mannen Mentor Williams og Arne Benoni, eit norsk svar på Jim Reeves.
I 2009 var Steinar Albrigtsen hovudattraksjonen. Det var i tillegg stor fokus på lokale band frå Setesdalsregionen.
2010 såg ei gjenforeining av Big Hand Saloon med Ottar «Big Hand» Johansen og Claudia Scott, Casino Steel og Tore Andersen.
I 2019 opptredde mellom anna Steinar Albrigtsen og Monika Nordli.
Festivalsjefen gjennom mange år har vore Signe Røinås.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ose Countryfestival» frå , den 22. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkfestivalar i Noreg Kategori:Kultur i Bygland Kategori:Setesdal Kategori:Skipingar i 1983 Kategori:Næringsliv i Agder Kategori:Festivalar i Agder