mini|Vizzoni under Moskva-VM 2013 Nicola Vizzoni () er ein italiensk tidlegare sleggjekastar frå Pietrasanta som vann sølvmedaljen i øvinga under Sommar-OL 2000 og ved europameisterskapen 2010.
Aktiv Vizzoni sette personleg rekord i OL-finalen 2000 med eit kast på 79,64 meter og sikra seg ein noko overraskande sølvmedalje, 38 centimeter bakk gullvinnar Szymon Ziółkowski frå Polen. Den 14. juli 2001 gjorde Vizzoni sitt livs lengste sleggjekast på 80,50 meter då han sigra ved eit stemne i Formia. Same året vann han øvinga ved universiaden i Beijing så vel som i mellomhavsleikane i Tunis. Under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton vart han fjerdemann med eit bestekast på 80,13 m, 14 cm bak bronsemedaljøren.
Ved EM 2010 i Barcelona kneip Vizzoni sølvmedaljen med sine 79,12 meter, 6 cm framom Krisztián Pars frå Ungarn, begge ein liten meter bakom europameisteren Libor Charfreitag.
Vizzoni vart italiensk meister i sleggjekasting elleve gongar: 1998, 2000–2007 og 2009–2010.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (73,42 m=nr 22) VM 1999 i Sevilla: Nr 9 – 78,31 m OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 79,64 m, bakom Szymon Ziółkowski (80,02 m) VM 2001 i Edmonton: Nr 4 – 80,13 m EM 2002 i München: Utslått i kvalifiseringa (77,57 m=nr 13) VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (75,76 m=nr 15) OL 2004 i Aten: Nr 10 – 74,27 m VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (70,77 m=nr 25) EM 2006 i Göteborg: Nr 9 – 76,55 m VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (73,64 m=nr 16) OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (75,01 m=nr 13) VM 2009 i Berlin: Nr 9 – 73,70 m EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 79,12 m, bakom Libor Charfreitag (80,02 m) VM 2011 i Daegu: Nr 8 – 77,04 m EM 2012 i Helsinki: Nr 5 – 75,13 m OL 2012 i London: Nr 7 – 76,07 m VM 2013 i Moskva: Nr 7 – 77,61 m EM 2014 i Zürich: Nr 11 – 73,94 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nicola Vizzoni» frå , den 17. juni 2020.
World Athletics
Kategori:Italienske friidrettsutøvarar Kategori:Sleggekastarar Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1997 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014