Blue Stack-fjella (engelsk Blue Stack MountainsBlue Stack Mountains Placenames Database of Ireland. Retrieved: 2013-03-19 eller Bluestack Mountains), også kalla Croaghgorms (irsk na Cruacha Gorma, 'dei blå haugane') er den største fjelllkjeda sør i County Donegal på Irland. Dei dannar eit skilje mellom sørdelen av fylket, som Donegal Town og Ballyshannon, og byane i nord og vest som Dungloe og Letterkenny. Vegen mellom desse to fylkesdelane går gjennom Barnesmore Gap.
Det høgaste fjellet i kjeda er Croaghgorm på 674 meter. Toppar i nærleiken er Ardnageer (642 m), Croaghanirwore (548 m), Croaghbarnes (499 m), Croaghblane (641 m), Croaghnageer (571 m), Croveenananta (476 m), Gaugin Mountain (565 m), Lacroagh (403 m), Lavagh More (671 m) og Lavagh Beg (650 m).Croaghgorm MountainViews. Retrieved: 2013-03-19. Silver Hill på 600 m er det minste fjellet på dei britiske øyane til å nå opp til kravet for fjell frå Simms-klassifiseringa, på 600 meter.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blue Stack Mountains» frå , den 8. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Donegal Kategori:Fjell på Irland