Gloria Siebert, fødd Kovarik, g. Uibel, () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Aust-Tyskland til 1990, frå 1991 det samla Tyskland. Ho vann sølvmedaljen i 100 meter hekk både under VM 1987, Sommar-OL 1988 og EM 1990.
Ho slo gjennom internasjonalt i 1987-sesongen som Gloria Uibel med andreplass på 60 meter hekk ved innandørs-EM i franske Liévin. I VM-finalen 1987 i Roma gjorde ho sitt livs beste hekkeløp då ho vann sølv i 100 meter hekk på tida 12,44 sekund. Også i dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul tok ho sølvmedaljen på den korte hekken, då som Gloria Siebert etter ho hadde gifta seg oppatt. Medaljesamlinga i sølv vart komplett då ho i europameisterskapen 1990 i Split kneip andreplassen, hundredelen av eit sekund føre nummer tre i tevlinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 12,44, bakom Ginka Zagortsjeva (12,34) OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje – 12,61, bakom Jordanka Donkova (12,38) EM 1990 i Split: Sølvmedalje – 12,91, bakom Monique Éwanjé-Épée (12,79) VM 1991 i Tokyo: Utslått i forsøket (13,29=nr 17)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gloria Siebert» frå , den 7. juni 2020.
World Athletics
Kategori:Tyske hekkeløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988