«Sing for the Day» er den andre singelen til Styx frå albumet Pieces of Eight frå 1979. Songen nådde 41. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i februar 1979. Han vart sidan gjeven ut som B-sida til den neste singelen deira, «Renegade». Tommy Shaw brukte namnet ‘Hannah’ i songen, for å representere fansen. Fleire år seinare kalla han dottera si Hannah.
Det vart filma ein musikkvideo til songen, regissert av Bruce Gowers, der Styx spelte på scenen med Tommy Shaw på mandolin og vokal, James «J.Y.» Young på akustisk gitar (sjølv om han ikkje speler på songen), Chuck og John Panozzo på bassgitar og trommer og Dennis DeYoung på tamburin og korvokal og klaverinstrument (under soloane).
Medverkande Tommy Shaw - solovokal, gitar, mandolin, autoharpe Dennis DeYoung - klaverinstrument, korvokal Chuck Panozzo - bassgitar John Panozzo - trommer, perkusjon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sing for the Day» frå , den 5. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av Tommy Shaw Kategori:Styx-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:A&M Records-singlar