John Curulewski () var ein USA-amerikansk musikar som var originalt medlem i rockegruppa Styx.
I 1969 vart Curulewski med i det Chicago-baserte bandet TW4, med venene Dennis DeYoung, Chuck Panozzo og John Panozzo. Gruppa utvikla seg til å bli Styx innan 1972. Curulewski spelte gitar og stundom song på dei første fem studioalbuma deira frå 1972 til 1975. Like etter innspelinga av albumet Equinox i 1975, slutta Curulewski i Styx for å bruke meir tid med familien, og vart erstatta av Tommy Shaw.
Etter karrieren med Styx vart Curulewski gitarlærar i Chicago-området og spelte stundom med lokale band. Han døydde 13. februar 1988 av ein hjerneaneurisme. Han etterlet seg kone og ein son.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Curulewski» frå , den 3. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Styx-medlemmar Kategori:Musikarar frå Chicago