Masque er det tredje studioalbumet til det amerikanske progressive rockebandet Kansas. Albumet kom ut i september 1975.

Opningssporet, «It Takes a Woman's Love (To Make a Man)», vart miksa på ny og gjeve ut på singel, men selde for dårleg til å gå inn på salslistene. Den nye miksen inkludert ekstra gjestevokal og eit segment som er heilt forskjellig frå albumversjonen.

Albumet nådde 70. plassen på Billboard-lista i USA og hadde i løpet av ein månad selt 250 000 eksemplar.Fort Lauderdale News 18. november 1979 «Cosmic Kansas Still Close to the Corn» by Jon Pareles p.15-G Masque hadde selt til gullplate for 500 000 selde eksemplar i desember 1977.Cashbox 14. januar 1978 «Success of Kansas Traced to Constant Touring, FM Airplay» by Mark Mehler p.12

Albumet vart ommastra for CD i 2001 og ei ny ommastra utgåve kom ut på vinyl i 2014.

Innhald

Medverkande Kansas Steve Walsh – orgel, piano, clavinet, Moog synthesizer, conga, solo- og korvokal Kerry Livgren – solo- og rytmegitar, akustisk gitar, piano, clavinet, Moog og ARP synthesizer Robby Steinhardt – fiolin, solo- og korvokal Rich Williams – solo- og rytmegitar Dave Hope – bassgitar Phil Ehart – trommer, perkusjon

Andre medverkande Earl Lon Price – saksofon på spor 1

Production Jeff Glixman - plateprodusent Lee Peterzell - lydteknikar Jimmy Stroud - assisterande lydteknikar Jeff Magid - produsent for ommastra utgåve

Salslister ÅrListePlassering1976Top LPs & Tape (USA)70

Salstrofé LandOrganisasjonÅrSalUSARIAA1977Gull (+ 500 000)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Masque (Kansas album)» frå , den 23. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kansas-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Album produserte av Jeff Glixman Kategori:Epic Records-album Kategori:Album spelte inn i Studio in the Country