Life, Love & Hope er det sjette og så langt siste studioalbumet til det amerikanske rockebandet Boston. Det kom ut 3. desember 2013 på Frontiers Records, og var det første studioalbumet deira på 11 år. Det er det første albumet deira etter Brad Delp døydde i 2007. Delp syng på songane «Didn't Mean to Fall in Love», «Sail Away», «Someone» og «Te Quiero Mia».

Bakgrunn Life, Love & Hope er ein oppfølgjar til Corporate America frå 2002. Tom Scholz produserte Life, Love & Hope og skreiv alle songane. Kimberley Dahme song på fleire av songane, i tillegg til nye vokalistar som David Victor, Louis St. August, Tommy DeCarlo og Jude Nejmanowski. Det er òg det første Boston-albumet med Tom Scholz på solovokal («Love Got Away»).

Mottaking

Då albumet kom ut fekk det blanda kritikk. Det har 47 av 100 på Metacritic. Albumet nådde 37. plassen på Billboard 200 den første veka for eit sal på 16 321 eksemplar. Det forsvann ut av lista etter tre veker. Det låg òg tre veker inne på Rock Album Sales-lista, der det nådde femteplassen, og det nådde andreplassen på Billboard Independent Albums Chart.

Innhald

Medverkande Tom Scholz - gitar, bassgitar, klaverinstrument, trommer, vokal Brad Delp - vokal Gary Pihl - vokal, gitar Kimberley Dahme - bassgitar, vokal, fløyte Tommy DeCarlo - vokal Curly Smith - munnspel David Victor - vokal Louis St. August - vokal Jeff Neal - vokal Jude Nejmanowski - vokal Beth Cohen - vokal«Life, Love & Hope» Compact Disk Jacket (Standard Edition / FR CD 630)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Life, Love & Hope» frå , den 16. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Boston-album Kategori:Musikkalbum frå 2013 Kategori:Frontiers Records-album