«Don't Look Back» er ein song skriven av Tom Scholz og spelt inn av Boston i 1978 som tittelsporet til det andre albumet deira, Don't Look Back. Singelen nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og vart ein av dei største hittane deira.
Innspeling Sjølv om det er den første songen på albumet, var «Don't Look Back» ein av dei siste songane som vart skrivne og innspelt for albumet. I følgje Scholz «var det ein av dei tinga som berre klikka på plass. Eg laga ikkje ein gong ein demo for songen. Eg kom opp med akkordane, melodien og arrangementet og spelte det rett inn på masterlydbandet.» Brad Delp song all vokal, både solo og korvokal. I følgje Scholz, speler Fran Sheehan berre nokre få linjer med bass på songen og Barry Goudreau spelte sologitaren i introen og avslutninga. Scholz sa han gjorde meir enn 60 redigeringar på trommesporet til Sib Hashian for å få det slik han ønskte det.
Salslister
Vekeslister Liste (1978)PlasseringAustralia (Kent Music Report)51Canada RPM Top Singles6Nederland14Storbritannia43US Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - 4US Cash Box Top 1007
Årslister Liste (1978)PlasseringCanada50US Billboard Hot 100Musicoutfitters.com93US Cash Box48
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Don't Look Back (Boston song)» frå , den 16. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Boston-songar Kategori:Songar produserte av Tom Scholz Kategori:Songar skrivne av Tom Scholz