Tjørvåg er ein tettstad i Herøy kommune på Sunnmøre. Tettstaden ligg på Gurskøy og har 389 innbyggjarar. Lenge var det ein stor selfangar-flåte som hadde Tjørvåg som heimehamn. Til saman var det 17 ishavsskuter som var heimehøyrande i Tjørvåg i tida 1905 til 1970. I dag har bygda ei verksemd som foredlar selprodukt. Tidlegare var Smedvik mek. verkstad bygda si hjørnesteinsbedrift.

Kultur Herøyspelet Kongens Ring vert framført fyrste helga i juli på Herøy amfi som ligg på øya Herøy i Tjørvåg krins. Det tek utgangspunkt i kong Olav Haraldson si vitjing på Herøy i 1027.

Undervising Tjørvåg skule vart opna i 1949. I Stokksund i Tjørvåg ligg Stokksund skule. Skulen vart oppretta i 1974 som Indre Herøy ungdomsskule. Barneskulen vart oppretta i 1999. Fyrst som barneskule for Tjørvåg krins. Seinare også for Myrvåg krins. Skulen har 167 elevar skuleåret 2014-2015. 73 elevar på ungdomstrinnet og 94 elevar på barnetrinnet. Kjelder

Bakgrunnsstoff Tjørvåg Idrettslag Stokksund skule Soløy gard Båttur rundt Bondestokksund

Kategori:Herøy kommune i Møre og Romsdal Kategori:Tettstader i Møre og Romsdal