Carl Heinrich Bloch (fødd 23. mai 1834, død 22. februar 1890) var ein dansk kunstmålar som er særleg kjend for sine historiske og religiøse bilde, som f.eks. «Christian II i fængslet på Sønderborg Slot» frå 1871.
mini|venstre|portrett|«Christian II i fængslet på Sønderborg Slot» frå 1871
Bloch studerte hos Wilhelm Marstrand ved Kunstakademiet.
Hans tidlege verk synte landlege motiv frå kvardagslivet. Frå 1859 til 1866 budde han i Italia og denne perioden vart viktig for utviklinga av det historiske arbeidet hans.
Hans første store suksess var utstillinga av hans «Prometheus ubundet» i København i 1865. Etter Marstrands død avslutta han utsmykkinga av solennitetssalen på Københavns Universitet. Deretter fekk han ei tinging på 23 målerie til «bedestolen» i Frederiksborg slottskyrkje. Dette var scener frå Kristi liv og har seinere blitt populære som illustrasjonar. Originalane vart måla i tidsrommet 1865 til 1879 og dei er framleis på Frederiksborg.
Bloch mottok Thorvaldsenmedaljen i 1864. Han vart titulær professor i 1871, etatsråd og professor ved Akademiet i 1883. Han blei ridder av Dannebrog i 1867.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Carl Bloch» frå , den 4. mai 2020.
Bakgrunnsstoff Carl Bloch – Det moderne gennembrud
Kategori:Danske målarar Kategori:Professorar ved Det Kongelige Danske Kunstakademi Kategori:Medlem av Det Kongelige Akademi for de Skønne Kunster Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Mottakarar av Thorvaldsenmedaljen Kategori:Folk frå København