mini|Skilt ved redaksjonslokala til Friheten i Helgesens gate i Oslo Friheten er ei avis utgjeven annakvar veke av Norges Kommunistiske Parti (NKP).

Historie

Friheten vart etablert som illegal avis i oktober 1941. Avisa kom kvar veke fram til 1944, deretter sjeldnare inntil frekvensen steig mot slutten av krigen. Friheten vart truleg trykt i til saman 2 millionar eksemplar under andre verdskrig, med eit opplag hausten 1944 på vel 20 000.

Frå mai 1945 vart Friheten dagsavis, og erstatta Arbeideren som hovudorganet til NKP. Hausten var opplaget mellom 130 000 og 170 000. På denne tida var avisa ei kort stund den nest største i landet. Nedgangen kom raskt, mellom anna fordi avisa måtte leggja om frå morgonavis til ettermiddagsavis da Arbeiderbladet ikkje lenger ville trykkja avisa. Alt i 1947 var opplaget nede i 30 000.

Oppslutninga om NKP fall, og det gjorde også interessa for Friheten, som var dagsavis fram til 1967. Avisa vart så ei vekeavis fram til 1977, då avisa byrja å koma to gonger i veka. Hausten 1989 kom den neste krisa og talet på utgjevingar gjekk ned til ei i veka. I 1992 mista avisa pressestøtta på grunn av at dei hadde problem med at ho ikkje vart gjeve ut ofte nok. Dette førte til at Friheten gjekk konkurs. Ein annan grunn til krisa i avisa var ein strid mellom leiinga i NKP og redaktøren i Friheten om avisa skulle vera eit partiorgan eller fylgje ei meir sjølvstendig line. Friheten heldt fram med sporadiske utgjevingar, til dels som månadsavis. Avisa opplevde ei gjenoppliving då ho fekk pressestøtte att frå 1996, og har kome ut som vekeavis til no. Produksjonen av avisa er for det meste dugnadsarbeid.

Nettutgåva av Friheten vart etablert i 1998. Opplaget på papiravisa ligg på rundt 1500 eksemplar. Ansvarleg redaktør er Harald Reppesgaard (2010).

Ansvarleg redaktør Christian Gottlieb Hilt 1941-1942 Erling Heiestad 1942 Ola Hofmo 1942 Kåre Selnes 1942-1943 Jul Kvale 1943-1944 Adelstein Haugen og Otto Sommerstad 1944-1945 Kjell Kviberg 1945-1946 Jørgen Herman Vogt 1946-1958 Reidar T. Larsen 1958-1965 Jørgen Herman Vogt 1965-1967 Reidar T. Larsen og Arne Jørgensen 1967-1968 Arne Jørgensen 1968-1990 Tore Fossgård 1990-1991 Veikko Keteli 1991-1992 Bjørn Kjønli 1992 Hans Petter Hansen 1992 Bjørn Kjønli 1992 Harald Syvertsen 1992-1994 Hans Petter Hansen]1994-2010 Harald Reppesgaard 2010-2022 Odd Jarl Gerhardsen 2022- Ansvarlege nettredaktørar Hans Berger 1998–2004 Willy Similä 2004–2006 Øyvind Haraldsvik 2007–2009 Petter Konrad Sandvik 2009-2020 Ingen pr 2021

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Friheten» frå , den 4. juli 2006.

Bakgrunnsstoff

Søk etter Friheten på Nasjonalbiblioteket

Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser i Oslo Kategori:Skipingar i 1941 Kategori:Norske partiaviser