Cliff Martinez () er ein USA-amerikansk musikar og komponist. Tidleg i karrieren var Martinez kjend som trommeslagar med Red Hot Chili Peppers og Captain Beefheart. Sidan 1990-åra har han hovudsakleg arbeidd som filmmusikkomponist og laga musikk for Spring Breakers, The Foreigner, og mange filmar med Steven Soderbergh (Sex, Lies, and Videotape, Solaris, Contagion og Traffic) og Nicolas Winding Refn (Drive, Only God Forgives, og The Neon Demon).
14. april 2012 vart Martinez innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Red Hot Chili Peppers.
Videospel Martinez komponerte tittelmelodien «Galaxy Theme» for Spore med Brian Eno i 2008. I 2014 komponerte Martinez òg kjenningsmelodien til Far Cry 4.
Diskografi
The Weirdos Weird World (samleplate)
Lydia Lunch 13.13 (1982) Stinkfist (1986)
Captain Beefheart Ice Cream for Crow (1982)
Red Hot Chili Peppers The Red Hot Chili Peppers (1984) Freaky Styley (1985) The Abbey Road E.P. – (1988) What Hits!? – (1992) Out in L.A. – (1994) Under the Covers: Essential Red Hot Chili Peppers – (1998)
The Dickies Killer Klowns from Outer Space (1988) The Second Coming (1989) Locked N' Loaded Live in London (1991) Idjit Savant (1994)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cliff Martinez» frå , den 27. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske filmmusikkomponistar Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:BAFTA-vinnarar Kategori:Red Hot Chili Peppers-medlemmar Kategori:The Magic Band-medlemmar