DS «Rags» (kallesignal MTQH - WLJC - LCIA) var eit dampskip bygt i 1904 som lasteskip for A/S D/S Rags under Jacob Christensen i Bergen og verka i følgje skipsberetninga i Bergens Tidene i 1900-åra å ha gått i trampfart.Søk på "Rags" i arkivet til Bergens Tidene (krev abonnement)

I 1915 var skipet ein kort periode hos danske eigarar, før det i 1916 vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt «Vela». I 1919 gjekk dette inn i Sør-Amerikalinja. Mot slutten av karrieren sin hadde det andre eigarar og gjekk under namna «Zephyros» og «Fjeld».

Historie Skipet vart bygt ved William Gray & Co. i Hartlepool i Storbritannia og vart levert til A/S D/S Rags i oktober 1904. Den første turen gjekk til Karachi i India, før det på dei neste turane segla mellom hamner i Storbritannia, Tyskland og Nederland til hamner i Middelhavet og Svartehavet. Den 5. september 1905 kolliderte skipet i South Shields med skonnerten «Gravesends» av London og fekk skader på eit par plater på styrbord side. Skipet verka å ha gått mykje i fart mellom Storbritannia og India.

I november 1913 fekk «Rags» nye eigarar då A/S Borgen under G.E. Stoesen tok over skipet. I mars 1915 vart skipet selt til A/S Grønland i København og omdøypt «Vinland».

Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte så skipet attende til Noreg i juni 1916 og gav det namnet «Vela». For dette betalte dei 2 266 095 kroner, det dyraste skipet deira til då. I 1919 gjekk skipet inn i Sør-Amerikalinja til BDS og på den første reisa si ankom det attende til Noreg med Stavanger som første anløpshamn. På veg til Noreg kom det ut for uvêr og mista aktermasta og alle lossebommane på akterdekket. 21. april 1920 skreiv Bergens Tidende om «Vela» som var komen til Kristiania med linfrø og mais frå Argentina. Lasta skulle eigentleg til Danmark, men på grunn av streik blant hamnearbeidarane i København gjekk skipet til Kristiania i staden. Her ville heller ikkje hamnearbeidarane losse lasta fordi dei rekna det som streikebryteri. 25. april vart kring 700 tonn mais lossa i Moss etter at norske styresmakter kjøpte lasta for å få skipet avstad att i ruta si. I 1920 fekk «Vela» innlagt oljefyring, elektrisk lys og etter pålegg frå skipskontrollen nye folke- og offiserslugarar. I 1922 byrja skipet i tillegg til Sør-Amerikalinja å stundom gå ruter mellom Nord-Amerika og Austersjøen. I juli dette året vart det sett i dokk i Laksevåg for å få skifta propell og propellaksling, i tillegg til reparasjon av maskin og kjelar. I tillegg vart det retta ut nokre buklar i botnen av skroget etter ei grunnstøyting i Austersjøen. Skipet hadde vore oljefyrt sidan 1922, men no valde ein å gå over til kolfyring, då oljefyringa hadde vore mindre heldig. I 1923 byrja skipet å gå ruter mellom Nord-Europa og Arkhangelsk med trelast, i tillegg til farten på Austersjøen. I desember 1923 låg skipet til reparasjon i Laksevåg og fekk botnstokkar under kjelane og ny bakbord forrigg. Etter eit par turar til Svartehavet for å hente korn tidleg i 1924, gjekk det igjen inn Sør-Amerikalinja. I september 1925 låg skipet til reparasjon i København, men var elles dette året hovudsakleg i Den Norske Syd-Amerika Linje. I 1926 vart det fleire turar til Middelhavet og i trelastfarta til Kvitsjøen. I juni 1926 var skipet til overhaling i Laksevåg. «Vela» vart i juli 1926 liggande i Antwerpen ei stund på grunn av streik blant hamnearbeidarane, som hindra skipet i å få lossa.

Laurdag 25. februar 1926 grunnstøytte «Vela» ved Hjelteskjæret i Hjeltefjorden ved Bergen. Skipet var på reise frå Onega til Nikolajev i Ukraina, og var innom Bergen for mannskapsskifte. Om morgonen segla «Vela» ut og då det runda Kvarven på veg mot Vatlestraumen, mista skipet styringa. Det vart slått full fart akterover og ankeret vart kasta. Ankerkjettinga sleit seg og skipet dreiv inn på ei grunne. Det gjekk for eigen motor inn til Laksevåg, der dykkarar konstaterte bulkar i skroget og sju fot av slingrekjølen mangla. På grunn av naglar som hadde svikta var det ein liten lekkasje som vart tetta med tagl og drev. Mandagen etter vart det halde sjøforklaring. Dagen etter segla skipet vidare til Svartehavet.

I februar 1927 var skipet til reparasjon etter eit havari, og skulle segla via Hook van Holland til Cuba. 11. februar kolliderte det med ein lekter i innseglinga til Antwerpen. Lekteren fekk litt skade, medan «Vela» var uskadd. 17. mars 1927 vart det meldt frå Boston i USA at «Vela» var sprunge lekk som av skade i isen. Forpiggen var full av vatn og noko av lasta vart skadd. Medan skipet var i Boston vart kaptein Thorstein Lockert frå Vesterålen innlagt på sjukehus med lungebetennelse, som han så døydde av der. 30. mars same året var «Vela» igjen i ei ulukke då det i Boston kolliderte med den amerikanske, firmasta skonnerten «Doris Hamlin». Berre ein månad seinare, 23. april, gjekk «Vela» på grunn i elva ved Pensacola i Florida. Ved assistanse kom skipet av grunn att. Det var uskadd og kunne segla vidare etter å ha betalt 750 dollar for berginga. På denne tida gjekk skipet i fart mellom Nord-Amerika og Europa og på reise frå Montreal i Canada til Bremen i Tyskland med kornlast i desember 1927, fekk skipet ein del skade i uvêr over Atlanteren.

I mars 1928 vart det meldt frå Cardenas på Cuba at «Vela» hadde blitt påsegla av den danske damparen «M.C. Holm». «Vela» låg for anker og kollisjonen skjedde i tåke. Skaden vart stor og skipet måtte gå til Havanna for reparasjon.

I februar 1929 vart skipet selt til A/S D/S Zephyros under Johan C. Wiese i Bergen. Prisen var 309 000 kroner. 16. mai 1929 vart det meldt at «Vela» var kraftig forsinka i St. Johns i Canada på grunn av eld i bomullslasta. All lasta måtte lossas av og så lossas inn att, men dette tok tid på grunn av plassmangel på kaien. 75 bomullsballar var skadde av varmen, medan andre var vasskadde på grunn av sløkkingsarbeidet. Skipet kom frå Houston og for vidare Murmansk med lasta. I juli same året vart det omdøypt «Zephyros». Wiese & Meidell tok over eigarskapet av A/S D/S Zephyros i desember dette året og skipet gjekk stort sett dei same rutene som før, mellom anna til Austersjøen, Kvitsjøen og Sør-Amerika.

Harry O. Jacobsen & Co kjøpte skipet i juli 1932, og i september 1932 vart skipet selt til A/S D/S Fjeld under Anton Meidell og det fekk namnet «Fjeld». Skipet vart til slutt selt til Tyskland, der det vart opphogd den 9. januar 1936.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 3 589 brt, 2 296 nrt og lasteevna var 5 800 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 8 128 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Centr. Marine Eng. Works, Hartlepool. Oppgjeven yting var 1 500 iHk (indikerte hestekrefter) og 291 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 8,5 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved William Gray & Co Kategori:Skip frå 1904 Kategori:Skip sluttsegla i 1936