DS «Lofoten» (kallesignal MJRS) var eit dampskip bygt i 1913 som passasjer- og lasteskip for Vesteraalens Dampskibsselskab i Stokmarknes.
I august 1915 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Historie Skipet vart bygt ved Akers Mekaniske Verksted i Oslo og vart levert i september 1913.
I august 1915 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 355 566 kroner. Den 4. november 1916 berga «Lofoten» og kaptein Lockert barken «Baron Holberg» under farefulle og vanskelege tilhøve. For dette fekk Lockert tilkjent ei gåve frå Carnegies heltefond og ein sølvpokal med inskripsjon frå den norske staten. I 1917, under første verdskrigen, vart skipet rekvirert av britiske styresmakter under The Shipping Controller i London. I fart for britane vart skipet torpedert og søkkt 3. februar 1918 av den tyske ubåten «UB 38», kring 7 nautiske mil søraust av Start Point i Den engelske kanalen sør for Dartmouth på reise frå Glasgow i Skottland til Le Havre i Frankrike med stykkgods. 17 personar ombord omkom.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 942 brt, 552 nrt og lasteevna var 1 040 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 703 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Aker. Oppgjeven yting var 475 iHk (indikerte hestekrefter) og 104 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop. Det var rom til nokre få passasjerar, med éin lugar på 1. plass (1. klasse) og to lugarar på 3. plass.
Skipet skal ha vore ein særs god stykkgodsbåt, men hadde dårleg stabilitet.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Akers mekaniske verksted Kategori:Skip frå 1913 Kategori:Krigsforlis i 1918 Kategori:Forlis i Den engelske kanalen Kategori:Forlis i Storbritannia Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar i første verdskrigen Kategori:VDS-eigde fartøy