Renaissance er debutalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut seint i 1969 på Island Records i Storbritannia og Tyskland og Elektra Records i USA.

Bakgrunn Då The Yardbirds utvikla seg til The New Yardbirds (med Jimmy Page) i 1968 og så Led Zeppelin, skipa dei attverande medlemmane Keith Relf og Jim McCarty ein akustisk duo kalla Together. Dei gav ut «Henry's Coming Home» med «Love Mum and Dad» på ein singel på Columbia Records i november 1968, som selde dårleg.Together biography på AllMusic. Henta 5. april 2020.

I januar 1969 organiserte Relf og McCarty ei ny gruppe for å eksperimentere med rock, folk og klassisk musikk. I boka si Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock, siterte Will Romano McCarty: «Mot slutten av The Yardbirds ønskte me å gjere noko meir poetisk, om du vil, noko som ikkje var så tungt. Noko meir folk-aktig. Me hadde fått nok av tung rock.»Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 130. Denne kvintetten — Relf på gitar og vokal, McCarty på trommer og vokal, i tillegg til bassisten Louis Cennamo, pianisten John Hawken og Jane, syster til Relf som ekstra vokalist - vart til Renaissance. Albumet vart spelt inn i 1969 og var produsert av det tidlegare Yardbirds-medlemmet Paul Samwell-Smith.

Bandet hadde byrja å spele i lag i mai 1969 før dei starta innspelinga av debutplata si, stort sett i Storbritannia, men stundom òg utanlands, som festivalar i Belgia (Amougies, oktober 1969) og Frankrike (Operation 666 på Olympia i januar 1970 og Le Bourget i mars 1970, begge i Paris). I februar 1970 la dei ut på ein nordamerikansk turné, men denne gjekk berre å vidt rundt. På grunn av fortida med Yardbirds fann dei seg ofte sett i saman med band som The Kinks og den nye retninga deira med klassisk musikk gjekk ikkje heim hos publikummet som venta seg meir rocka og bluesprega musikk.

Utgjeving Debutalbumet til Renaissance inneheld progressiv rock med element av klassisk musikk og jazz, som var ganske nyskapande då albumet kom ut.

Singelversjonen av «Island» var ei anna innspeling enn albumversjonen med kjappare tempo og meir overdubba korvokal, og ingen klassiske tema mot slutten. Denne kom ut med B-sida «The Sea», som ikkje var med på albumet. Somme CD-utgåver har med begge desse spora.

I 1998 vart Renaissance gjeve ut på ny av Mooncrest Records i Storbritannia som Innocence. Denne nyutgjevinga inneheld seks bonusspor, men innpakninga inneheldt ingen forklaringar om kva desse var.

Innhald

«Island» låne mykje frå Beethoven sin Pathetique Sonata (Piano Sonata nr.8 i c-moll Op.13, 'Pathétique' : I. Grave. Allegro di molto e con brio and III. Rondo. Allegro)

Medverkande Renaissance Jane Relf - vokal, perkusjon Keith Relf - elektrisk gitar, vokal, munnspel John Hawken - piano, cembalo Louis Cennamo - elektrisk bassgitar Jim McCarty - trommer, vokal

Produksjon Paul Samwell-Smith - produsent Andy Johns - lydteknikar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Renaissance (Renaissance album)» frå , den 6. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Renaissance-album Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Album produserte av Paul Samwell-Smith Kategori:Island Records-album Kategori:Elektra Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:Mooncrest Records-album Kategori:Esoteric Recordings-album Kategori:Symfoniske rockealbum